3 Retningsskilt
Brødrene Dahl leverer skiltstolpar og retningsskilt.
Om systemet:
Traftetech DirectionSign er eit system som er utvikla for å rettleia mjuke traffikantar til attraktsjonar og destinasjonar. Systemet er i pulverlakkert aluminium. Kvar stolpe har høve til å visa retningskilt i 12 retningar.

Skiltstolpane langst Jærbanen blir fresa til tre skilthøgder i alle aktiverte retningar. Dersom det ikkje skal inn skilt i ei retning, blir det sett inn midlertidige lukkarprofilar. På denne måten går det an å setta inn nye retningsskilt i framtida utan å senda inn stolpane til ny maskinering.
Stolpane er 3,2 meter lange. Det skal vera minimum 2,5 meter mellomrom frå nedre skiltkant til bakken.
Retningsskilta er 975 millimeter lange og 175 mm høge.
Standard lakkfarge er RAL9005 Sort halvblank. Tekst og ikon blir skoren ut i kvit dekorfolie med lang levetid.
Skrifttype vegvisar (tittel): Helvetica (Bold) TH 30mm
Skrifttype vegvisar (undertittel): Helvetica TH 25mm
Ikon blir henta frå dei offisielle symbolpakkane til kartverket på Geonorge.
Me brukar negative ikon med ramme i størrelse 77x77mm.
Avstand blir oppgitt i meter eller kilometer.
- Meter: Rund av til næraste 50 meter
- Kilometer: Rund av til næraste 100 meter.
Fotplata som er skrudd til stolpe er utforma slik at ho passar på følgande boltemønster i fundamenta:
- Traftech SafeHit1 fundament: Boltemønster 120x120mm M20
- Traftech SafeHit2 fundament: Boltemønster 175x175mm M20
Oppsett på retningsskilt
Hovudregel:
Me skiltar til ein attraksjon per retningsskilt med engelsk forklaring og eitt ikon.

Alternativ A:
Me skiltar til ein attraksjon med engelsk undertittel og to ikon.

Alternativ B:
Me skilter til ein attraksjon med beskrivande undertittel dersom den beskrivande undertittelen hjelper meir enn den engelske undertittelen.

Alternativ C:
Me skiltar til to attraksjonar med lik avstand. Det kan vera med to ikon per linje i spesielle tilfelle.

Oppskrift på utfylling av skjema
Når me skal bestilla ein stolpe med retningsskilt, lagar me først eit skjema med seks kolonner:

- Tittel: Her skriv me namn på attraksjonen
- Undertittel/Tittel2: Her skriv me ei beskriving av attraksjonen på engelsk eller norsk.
- Dersom me ønsker to attraksjonar på same skilt, brukar me Tittel 2 i staden for undertittel.
- Avstand: Her skriv me inn avstandsmål i meter eller kilometer
- Symbol: Her skriv me inn kva symbol som skal brukast
- Retning: Her skriv me inn kva klokkeslett pilene skal peika i. 12 er nord, og opp på kartet. Me peiker pilene i retningen folk skal gå. Me kan ha maks tre skilt i same retning. Det bør helst vera to klokkeslett mellom kvart skilt, elles kan dei skugga for kvarandre.
- Høgde: Her skriv me inn kva nivå retningsskiltet skal stå på. 1 er høgast oppe, 2 er midten og 3 er nede. Dersom fleire piler peikar i same retning skal attraksjonen som er lengst vekke ha høgde 1.
Frittståande vegvisarar
I nokre tilfelle kan det vera langt fram til målet, eller det kan vera vegval der publikum lett kan gå feil. Kanskje det ikkje er plass til eller behov for ein eigen skiltstolpe, men berre behov for nokre stafestingar og piler på vegen. I så fall kan enkle skilt monterast på eksisterande stolpar eller bygningar. Til dette behovet finst det tre ulike alternativ:
Alternativ A: Stor vegvisar
Desse skilta er like store og har same utforming som på skiltstolpane. Størrelsen er 975 mm x 175 millimeter. Det finst standard haldarar til stolpar på både 60 mm og 89 mm diameter. Pilskilta blir levert med brakett og rundbøylar for å klemma dei fast til stolpane.

Dersom skiltet skal visa retning til to attraksjonar med ulik avstand, kan avstanden fjernast.

Alternativ B: Ståande vegvisarar
Dette skiltet er 100mm x 300mm.

Det kan leverast i fleire variantar:
- Skilt som kan festast på vegg/trestolpe
- Skilt som kan festast på 60 mm stolpe
- Skilt som kan festast på 89 mm stolpe
- Klistermerke.
Alternativ C: Liten peikar
Dette skiltet er 200 mm x 100 mm.

Det kan leverast i fleire variantar:
- Skilt som kan festast på vegg/trestolpe
- Skilt som kan festast på 60 mm stolpe
- Skilt som kan festast på 89 mm stolpe
- Klistermerke.