• Hopp til innhald
  • Hopp til meny
  • Hopp til søk

Lesehjelp

  • Endre tekststørrelse
  • Endre kontrast

Motland skule

  • Søk
  • Meny
  • Heim
  • SFO
  • Trinn
  • Praktisk informasjon
    • Kantine
    • Helsesjukepleiar
    • Ny elev
    • Målform
    • Råd og utval
    • Om oss
    • Ordensreglement
    • Praksisplan Motland skule (PDF, 28 MB)
    • Overgang barnehage - skule
    • Overgang barneskule - ungdomsskule
    • Informasjon til klassekontaktar
Du er her: Du er her:
  • Motland skule
  • Praktisk informasjon
  • Kantine

Kantine

Påmelding kvart skuleår via skjema som sendes ut i Visma i løpet av august.  Oppseiing må skje skriftleg før 15. januar for vårhalvåret. 

Kantineordninga på Motland skule

Servering

Det er kantineordning dei dagane elevane er til kl. 14.00; måndag, onsdag, torsdag og fredag (for 1. og 2. trinn er det måndag, onsdag og fredag). Det vert servert brødmåltid med variert pålegg. Onsdagar vert det som oftast servert varm mat som grøt, fiskeburger, karbonader etc. Dei gongene det er varm mat vil det og bli satt fram brødmat for dei som heller vil ha det. Ein kan ikkje velge antall dagar, enten så har ein tilbod om mat i kantina, eller så må ein ha med matpakke. Alle elevane et i kantina anten dei abonnerar eller har med matpakke.

Ved allergi send e-post: post.motland.skule@ha.kommune.no

Drikke

Det blir lettmjølk og H-mjølk for dei som inngår avtale på mjølk. Me har og laktosefri for dei som treng det. Det er ein vatnautomat i kantina for dei som ikkje drikk mjølk.

Frukt

Frukt vert servert i første friminutt for småskulen, dei eldste elevane får frukt etter lunsj.

Fakturering

Valgt tilbod faktureres forskuddsvis ei gong i halvåret, faktura kjem fra Hå kommune ca. oktober og mars. Ved manglande betaling vil kantineordning bli sagt opp frå skulen si side og elevane må ha med matpakke. 

Pris for 1. og 2. trinn 25/26: (det er trukket fra 4 dagar i forhold til 190 skuledagar)

Mat pr. halvår kr 1026,- (kr 18,00 pr dag)
Mjølk pr. halvår kr 342- (kr 6,00 pr dag)
Frukt pr. halvår kr 228,- (kr 4,00 pr dag)

Pris for 3. til 7. trinn 25/26: (det er trukket fra 4 dagar i forhold til 190 skuledagar)

Mat pr. halvår kr 1368,- (kr 18,00 pr dag)
Mjølk pr. halvår kr 456,- (kr 6,00 pr dag)
Frukt pr. halvår kr 304,- (kr 4,00 pr dag)

Sist endra 27.05.2025 11.12