Praktisk bistand/heimehjelpHeimehjelp er tilbod til personar som er avhengig av hjelp i kvardagen på grunn av sjukdom, funksjonshemming, alder eller andre årsaker. Du kan få hjelp til nødvendige praktiske gjeremål i huset som reingjering, klesvask eller andre hushaldsoppgåver.Trykk her for søknadsskjema Kva kostar heimehjelp? Det er kommunestyret som avgjer kva heimehjelp skal kosta. Prisen er avhengig av inntekta di og det er bestemt kor mange timar du må betala for. Kommunestyret har og sett beløp som er maks for kva du skal betala per månad.Tabellen under viser prisane for 2025: Heimehjelp-2025 Inntekt Pr. time Maks betalte timar Maks betaling pr månad Inntil 2G (kr 248 056) 240; - 240; 2-3G (kr 248 057 - 372 084) 355; 7 2485; 3-4G (kr 372 085 - 496 112) 400; 7 2800; 4-5G (kr 496 113 - 620 140) 500; 8 4000; over 5G (> kr 620 141) 520; 10 5200; Matombringing Kva kostar det å få middag levert heim? Du kan få middag levert heim. Dersom du søker om tenesta, og får vedtak om mat levert heim, kan du velja mellom desse abonnementa: Matombringing Alternativ: Pris: Middag 3 dagar pr. veke Kr. 1.660,- pr. mnd Middag 6 dagar pr. veke Kr. 2.980- pr. mnd. Middag 7 dagar pr. veke Kr. 3.325- pr. mnd. Korleis avbestilla eller mellombels stoppa middagslevering? Ta kontakt med servicetorget på telefon 51 79 30 00 eller på e-post: post@ha.kommune.no Abonnementet må stoppast i minimum ei veke for å fråtrekk på fakturaen. Kva kostar det å få hjelp til å vaska klede? Dei som får heimetenester kan og få hjelp til vask av klede. Dette kostar kr 217,- pr månad. Kontakttelefonnummer:Heimetenesta NærbøTerese Håland, lederTlf. 415 32 789Vakttelefon: 415 32 780Heimetenesta VarhaugLiv Kristin Skretting, lederTlf. 415 32 744Vakttelefon: 415 32 775Heimetenesta Sør (Vigrestad/Brusand/Ogna/Sirevåg)Bente Karin Fotland, lederTlf. 415 32 730Vakttelefon: 415 32 771 Sist endra 09.01.2025 09.25