Årsplan Vigrestad barnehage

1 Presentasjon av barnehagen

Vigrestad barnehage er ein kommunal barnehage lokalisert på Vigrestad i Hå kommune. Vi har 8 avdelingar for barn i alderen 0-6 år. Vi er flott plassert i ei nydeleg naturperle mellom storskulen og idrettshuset. Her har vi eit stort, variert og flott bygg og uteområde som er godt tilrettelagt for barnets totale utvikling. Vi har kort veg til gode turområde og lekearenaer i Vigrestad bygda og gode samarbeid med idrettshus og skulane. 

1.1. Barnehagens visjon

“Omsorg, tryggheit og glede- VARME vaksne tilstede”

I Vigrestad barnehage ynskjer vi å vera nettopp det visjonen vår seier - ein god stad å vera der kvart einskild barn skal kjenna seg trygge, oppleva glede kvar dag og møta varme, trygge vaksne som vil ein vel. Ein barnehage der alle handlingar og avgjerder som påverkar barnet, skal ha barnets beste som grunnleggande omsyn. 

Ein barnehage som ser, lyttar, forstår og tek barna sine behov på alvor. Ein barnehage med vaksne som har eit godt barnesyn, eit romsleg hjarta og sunne verdiar kring eigen rolle i møte med kvart enkelt barn. 


Vigrestad barnehage skal gje tilbod som imøtekjem barns utvikling både fysisk og psykisk i tråd med rammeplanen for barnehagen. Det inneber at vi skal gje barna eit variert tilbod av pedagogisk tilrettelagte aktivitetar som inspirerer og stimulerer barns lærelyst, nysgjerrigheit og empatiske evner. Visjonen skal vera levande og det stillast krav til det einskilde personale for å heile tida vera fagleg oppdatert. 

1.2. Barnehagens profil

I barnehagen vår er vi opptatt av at kvart barn skal kjenna seg unikt og verdifullt. Vår hovudoppgåve er å la barna få utvikla seg som sjølvstendige menneske ut frå sine eigne forutsetningar, samtidig som dei lærar og respektera og ta vare på menneska rundt seg. Til det trengs det gode ramar, eit godt gjennomtenkt fysisk miljø, vaksne som involverer seg i barnas kvardag og som forstå barnet. Vi må også ha evne ti lå sjå barnas eigenverdi for å kunna gje kvart enkelt barn det dei treng. Alle barn skal kjenna seg sett og trygge til ei kvar tid, og få hjelp til å utvikla sunne vennskap. 

1.3. Psykososialt miljø

Barnehagen skal førebyggje og hindra krenkingar eller mobbing, og det forventast at det blir handtert, stoppa og følgt opp dersom mobbing og krenkingar førekomer. Tidleg innsats istaden for ein “vent og sjå holdning”  gjeld alle barn i barnehagen. Derfor har vi ei ressursgruppe som støtteapparat (jf.punkt 6). Samt ei ny lovendring som kom i jan. 2021, med meldeplikt og igangsetting av tiltak og oppfølging dersom eit barn opplever å ikkje ha det godt. 

Barnehagen er i ein særstilling når det gjeld og læra barn sosial kompetanse fordi barnehagekvardagen skal innehalde fokus på relasjonar, leik, vennskap og omsorg. Grundig og gjentakande opplæring av personalet innanfor temaet som tidleg innsats, sosial kompetanse, autoritative vaksenstiler, handtering av utfordrande åtferd, emosjonsveiledande oppdragarstil, auka leikekompetanse og no om eit trygt og inkluderande barnehagemiljø er viktige grunnpilarar i jobben vår. Barna oppfordrast til å samarbeida, ha -sjølvkontroll, -empati og kan vise ansvar. Personalet skal arbeide for eit miljø som ikkje berre gjer barna til mottakar av omsorg, men også sjølv vere omsorgsgivar.

1.4. Oppvekstplan- I lag om en god oppvekst 

Hå kommune har utarbeidet en overordnet oppvekstplan våren 2025 med mål om å sikre felles retning og målsetting i arbeidet med barn og unges utvikling og trivsel i kommunen. Planens visjon er «I lag om en god oppvekst», som understreker betydningen av samarbeid på tvers av fagområder og aktører. Dette innebærer et forpliktende tverrfaglig samarbeid mellom opplæringssektoren, helsetenestene, foresatte og lokalsamfunnet for å ivareta barn og unges psykiske, fysiske og sosiale behov. Hovedmålet er at alle barn og unge skal oppleve tilhørighet i et fellesskap, oppleve mestring og utvikle evne til å håndtere motgang.

1.5. Utviklingsområder 2025/2026

1.5.1 La leken leve

Hovedmål:

Barnet skal få være seg selv men gi plass til andre i et trygt og inkluderende miljø. 

Delmål/læringsmål for barna:

  •  barna skal få være seg selv og oppleve trivsel i egen hverdag 
  • alle barn skal oppleve å være en del av lekemiljøet i barnehagen 
  • barn skal oppleve gode relasjoner og vennskap

 

Hos oss ønsker vi å: 

  • støtte barn i å etablere gode relasjoner og vennskap
  •  være aktivt til stede for å stoppe negativ og ekskluderende adferd i leken 
  • bruke aktivitetsplaner ved behov. 
  • støtte barn i sin lek, læring og utforskning 
  • stadig tilegne oss ny og oppdatert kompetanse på å skape trygge og inkluderende lekemiljø
  •  legge til rette for lek i smågrupper/lekegrupper
  •  ‘Det var en gang…’ - aktivt bruke ASK (Alternativ og supplerende kommunikasjon) 
  • ta barna på alvor, barna skal bli sett og hørt 
  • gripe tidlig inn når en oppdager barn som trenger hjelp for å følge aldersadekvat utvikling (jf. Tidlig innsats, trinn modellen og aktiv bruk av oppfølgingsplaner)

 

Prosessmål for dette året: 

  • Auka kompetansen ytterligere på å skape trygge og inkluderande barnehagemiljø. 
  • Konsekvent gå inn for å gje alle barn oppleving av å høyre til i fellesskapet. 
  • Stadig auke kompetansen på å støtte barn si leik, læring og utforsking. 
      

1.5.2 Saman om god oppvekst: 

Det kommunale programmet ‘Saman om god oppvekst’ er eit foreldrerettleiingsprogram. Med mål om å tilby styrking til foreldre i foreldrerolla gjennom rettleiing på lavterskelnivå. Det blir lagt opp til foreldrerettleiingskveldar til alle foreldre til 3- og 6-åringar i alle barnehagane i kommunen. Hos oss er det Ida Vassvik og Nathalie Solstrand som er våre foreldrerettleiarar, i samarbeid med styrar Tone Dovland.

1.5.3 Vald og overgrep mot barn: 

Vald, overgrep og omsorgssvikt mot barn er eit folkehelseproblem.

Ein vond barndom kan vara livet ut. Barn er mest sårbare for belastningar som skjer i omsorgsrelasjonar dei første leveåra. 19% gutar og 23% jenter opplever, eller er vitne til alvorleg vald før dei fyller 6 år. 14% gutar og 8% jenter blir utsett for seksuelle overgrep før dei fyller 6 år (Hafstad og Augsti, 2019).

Barnehagen skal i følgje rammeplanen ha eit bevisst forhold til at barn kan vere utsett for omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep, og vite korleis dette skal bli førebygd og bli oppdaga.

Våren 23, vedtok Kommunestyret ein handlingsplan mot vald og overgrep i nære relasjonar, handlingsplanen gjeld alle barnehagar, skular og institusjonar og må takast i verk.

Barnehagetilsettes rolle er uvurderleg for både å kompensera for og avdekka vald som skjer. Eit steg i denne retninga er at to pedagogar hjå oss, samt styrar har gått på kurs med Stine Sofie Stiftelsen (SSS) og blitt sertifisert til ‘Barneombod’. Målet på sikt er enda fleire tilsette som blir utdanna til barneombod i barnehagen, fordelt på alle avdelingar.

Barnehagen ønsker ‘vald og overgrep’ skal vere eit fast tema/pensum i barnehagen kvart år, med hensikt i å auke kunnskap, avdekka tidlegast mogleg og gripe inn ved behov. Ressurspersonane skal brukast som kursleiar for anna personale med mål om at personalet skal ha eit bevisst forhold til:

  • Vårt verdisyn, ansvar og plikter
  • Ha kjennskap til ulike valdtypar – fysisk og psykisk.
  • Konsekvensar av vald og overgrep
  • Håndterings/meldingsprosessar, kven gjer kva?
  • Den viktige samtalen med barn om vald ved bekymring.
  • Teikn, symptom, åtferd og risikofaktorar
  • Foreldresamarbeid
  • Kollegastøtte