4 Overgangar
3.1 Barn
Alle planar vi arbeider ut frå i barnehagen har som mål å vera levande arbeidsdokument. Dette tyder at dei til stadigheit kan endrast, utviklast og redigerast etter kvart som eit arbeid pågår. Barna sin respons og uttrykk undervegs i prosessen påverkar korleis arbeidet utviklar seg. For oss er dette barnemedverknad i sin viktigaste form. Det er avgjerande at vi er lyttande og gjer rom for at barna sin stemme blir høyrd og at dei kjenner seg meiningsfulle for fellesskapet. og at vi lar det ha ein innverknad på det vidare arbeidet.
Omgrepet medverknad inneheld både «medbestemming» og «sjølvbestemming». Det å ha innverknad og å bestemma saman med andre, tyder å ha «medbestemming» på kva som skjer i barnehagen. «Sjølvbestemming» er å kunne ta eigne val og bestemme sjølv. Medverknad handlar om å bli spurt, bli lytta til og akseptert som kompetente. Bli teken på alvor. Altså, barnet skal ha høve til å påverke sin eigen kvardag i barnehagen, og deira uttrykk skal møtast med respekt og anerkjenning.
3.2 Foreldresamarbeid
Vi ynskjer å ha gjensidig, godt og open kontakt mellom foreldre og personale i barnehagen.
Et godt samarbeid skal sikre at foreldra får medverke til den individuelle tilrettelegginga i barnehagen. Både foreldre og personale må forhalde seg til at barnehagen har eit overordna samfunnsmandat og verdigrunnlag som barnehagen må oppretthalde og forvalte på rett grunnlag. Vi ynskjer å møte foreldra med raushet og open dialog der gjensidig utveksling av informasjon om barnet blir vesentleg for begge partar.
Intensjonen med foreldreråd(FAU) og samarbeidsutval (SU) er at desse gruppene skal kunne gi høve for å ivareta foreldra sin kontakt med barnehagen på ein aktiv måte. FAU har i oppgåve å fremje foreldra sine felles interesser, samt bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldra skapar ein god dialog og eit godt barnehagemiljø for alle partar.
Saker som gjeld det einskilde barn oppfordrast foreldra til å gå i dialog med pedagogisk leiar. Saker som gjeld avdelinga eller ei gruppe barn oppfordrast foreldre til å drøfte med pedagogisk leiar. Dersom ovennemnde samtalar ikkje fører fram oppfordrast foreldra til å ta kontakt med styrar. Dersom henvisning til barnehagepersonalet/styrar ikkje fører fram, kan ein så henvende seg til FAU