Årsplan Vigrestad barnehage

2 Barnehagens verdigrunnlag

Kvart barn er født og oppvaksen med kvar sine føresetnader, eigenskapar og interesser. Barndomen er ein viktig del av menneskets identitet – og grunnlaget for framtida ligg i det vi lærer, oppdagar og tileignar oss i barndomen.  

Barna er på veg til det vaksne livet med alt det som det inneber. Barndomen har sin eigen verdi – og vi skal vera opptekne av det som er her og no. Verdiane i Vigrestad barnehage handlar om å vera trygg, kunne tileigna seg gode relasjonar, samt hjelp og støtte til å byggja gode, varige vennskap. Dei skal kjenna at barnehagen vår er ein trygg stad å vera, og at deira intelligens utviklast. Dette føreset at vaksne møter barn som sjølvstendige, aktivt deltakande og tenkjande individ.

Den autoritative vaksenrolla skal vera framståande i alt vi gjer. Målet er å heva kompetansen hjå den einskilde tilsette slik at vi arbeider i ein dynamisk kombinasjon av varm relasjonsbygging til barnet, samt utøver ein tydeleg vaksenrolle når det kjem til å setja krav og grenser på ein varm og meiningsfull måte.

2.1 Barnehagen skal ivareta barnas behov for profesjonell omsorg

Omsorg er ein føresetnad for at barna i barnehagen vår skal kjenna seg trygge og trivast. Alle barn skal oppleva og få god omsorg i alle situasjonar kvar dag. Kos, stell, trøyst samt at det einskilde barn vert sett er ein føresetnad for at personalet skal møta barn på ein omsorgsfull måte. Dette krev eit ansvarsbevisst personale som kan og utøver profesjonell omsorg. Kunnskap om barns grunnleggjande behov for omsorg, leik, tilknyting og ikkje minst å vera ein del av eit fellesskap. Vi må stadig utvide vårt omsorgsrepertoar ved at vi er i utvikling, finn og bevarar gode arbeidsmåtar og oppdaterer oss fagleg via avdelingsmøter, personalmøter, planleggingsdagar, og gjennom å delta på kurs og konferansar.    

Vi skal stadig streva etter å vera fysisk og psykisk til stades. Eit personale som er nærværande og kjenslemessig engasjert i det einskilde barn si trivsel og utvikling. Det er også viktig for å kunna utvikla empati og nestekjærleik til dei barna omgåast med. Barnehagen skal gje barna høve til å utvikla tillit til seg sjølve og andre, vera lydhøyre for barnas uttrykk, ynskjer og behov, samt den omsorgen dei treng i ulike settingar.

2.2 Barnehagen skal ivareta barns behov for leik

Leik er barnas aller viktigaste aktivitet, og også barnas aller viktigaste læringsarena. Leiken skal ha ein stor og sentral plass i barnehagen vår, og leikens eigenverdi skal anerkjennast. Barnehagen må leggja til rette for gode leikestunder, som styrkjer vennskap og barnas eigen kultur. Den skal vera ein arena for læring og utvikling og for sosial og språkleg samhandling. I barnehagen vår ynskjer vi å vera gode rollemodellar og rettleiarar til god leik. Barnehagen skal bidra til at alle barn opplever glede, humor, spenning og engasjement gjennom leik – både i leik åleine og saman med andre. Rammeplanen seier at personalet skal «fremja eit inkluderande miljø der alle barna kan  for å delta i leik og oppleva glede i leik». Det er ALLTID dei vaksne sitt ansvar å sikra at barn ikkje blir haldne utanfor, men lærer å leika og lærer positive samspelsmønster saman i leiken.

Om barnet ditt seier «I dag har vi bare leika», har barnet;
Samarbeidd, brukt kroppen sin, løyst konfliktar, utvikla sosial kompetanse, opplevd den gode barndomen, øvd på nye ord og uttrykk, brukt fantasien sin, utvikla vennskap, osv.

2.3 Barnehagen skal fremja danning

Danning handlar i stor grad om kva normer, haldningar og verdiar vi har i «ryggsekken» vår. Målet for danning er at barna skal bli trygge på seg sjølve og dei skal oppmodast til å ta eigne val, samt få hjelp til å forstå konsekvensane av eigne handlingar. Barnehagen skal støtta barna i erobringa av omverda. Vi skal og fremja gode grunnlag for å vera modige, sjølvstendige og ta ansvar for ulike oppgåver saman med andre.

Vi vil leggje til rette for meiningsfulle opplevingar kvar dag og vera gode på å støtta barnas identitetsutvikling og positiv oppfattning av seg sjølve.

2.4 Barnehagen skal fremja læring

Læring skjer i samspel med andre og er nært knyta til leik, oppseding og omsorg. I barnehagen skal barna oppleva eit stimulerande miljø som støttar opp om deira lyst til å leika, utfordra, læra og meistra. Barns nysgjerrigheit, kreativitet og vitebegjær skal anerkjennast, stimulerast og leggjast til grunn for barnas læringsprosessar.

Eit inkluderande fellesskap og gode refleksjonar rundt situasjonar, tema og fenomen er viktig for at vi kan skapa forståing og meining saman med barna, i eit demokratisk fellesskap. Samspelet barn/vaksen skal vera prega av ein anerkjennande væremåte, vi skal ta barna på alvor, ta på oss «barnas briller» og støtta og utfordra barna i deira vidare læring.

2.5 Tidleg førebyggjande innsats:

Å setje inn tidleg innsats handlar primært om å gje barnet rett hjelp så tidleg som mogleg. Med tidleg innsats kan vi førebyggje skeiv utvikling, sosiale vanskar, lærevanskar og seinare fråfall i skulen. Årsakene kan vere mange og komplekse. Hos oss er det viktig å ha god struktur og gode system for å fange opp og førebyggje ulike vanskar.
Dei fleste barna som har særskilde opplæringsbehov, blir tidleg fanga opp. Likevel er det slik at mindre vanskar ikkje alltid vert oppdaga like lett alltid. Difor er tidleg innsats viktig for oss å ha fokus på frå den dagen barnet startar i barnehagen.
Personalet skal ha kompetanse på å fange opp, avdekke og leggje til rette for det barn treng av hjelp og støtte.
Å arbeide med tidleg innsats krev at innsats setjast i system. Det skal planleggjast, setjast i verk, evaluerast og dokumenterast i form av loggar, referat og oppfølgingsplanar.
Det krev også eit godt foreldresamarbeid og samarbeid på tvers av instansar for å lukkast.
I dette arbeidet skal «Trinnmodellen» (jf. Barne- og ungdomsløftet) nytast.
Barnehagelæraren vil ha ei sentral rolle i vurderinga av barnegruppa og det enkelte barn si utvikling og tilrettelegging. Dei tilsette si handlingskompetanse er av stor betydning, og ulike fagprofesjonar bidreg til at ulike behov blir ivaretekne.


 Arbeidet med tidleg innsats krev at innsats setjast i eit system. Det skal planleggjast, setjast i verk, evaluerast og dokumenterast i form av loggar, referat og oppfølgingsplanar. Det krev eit godt foreldresamarbeid og samarbeid på tvers av instansar for å lukkast. 

Barnehagen brukar den såkalla ‘Trinnmodellen’ (jf. Barne- og ungdomsløftet).

Trinn 0: Styrkje det allmennpedagogiske arbeidet ved at personalet stadig strevar etter auka nærvær. Alle barn, uavhengig av føresetnader, skal bli møtt med respekt, dei skal bli sett og høyrt. Alle bekymringar skal drøftast med nærmaste leiar så snart som mogleg. Barnets foreldre skal så tidleg som mogleg informerast.

Trinn 1: Definere utfordringane, utarbeide og setje i gang tiltak.

Trinn 2: vurdere behovet for koordinering og innspel frå andre tenester (PPT, Helsesjukepleiar/lege, Barnevernet…). Drøft saka opp i eit ressursgruppemøte. Vurdere nye tiltak.

Trinn 3: Vurdere behovet for meir utgreiing, oppretting av ansvarsgrupper beståande av tverrfagleg samarbeid og for foreldra. Vurdere henvising til annanlinjeteneste.

Alle punkt i rutinene skal bli loggførte og dokumenterte. Dokumentasjonen skal lagrast i barnets mappe.