
Dersom du ønsker å legga tømmedagane dine til i ein digital kalender, kan du bruka Google Kalender til dette. På denne måten kan du enkelt halda orden på tømmedagane. For å få tømmekalenderen på mobil treng du ein Google-konto (gmail-konto) og appen Google Kalender. Google Kalender vil då fungera med alle kalendrane du har sett opp på telefonen din. Du kan lasta ned appen for android på Google Play eller for iPhone i App Store.
Slik gjer du:
- Klikk på knappen under for å legga til tømmeruta i Google Kalender.
NB! Du må vera på ein datamaskin for å få det til, så dersom du er på ein mobiltelefon nå, må du først finna fram ein datamaskin.
Tømmerute 403 - Opna appen Google Kalender på telefonen din
- Gå til «innstillinger» inni appen Google Kalender
- Finn tømmeruta for å synkronisera ho med kalenderen din på mobilen
Dersom du ikkje ser tømmeruta, klikkar du på «vis mer»