1 Presentasjon av barnehagen
Vigrestad barnehage er ein kommunal barnehage lokalisert på Vigrestad i Hå kommune. Vi har 8 avdelingar for barn i alderen 0-6 år. Vi er flott plassert i ei nydeleg naturperle mellom storskulen og idrettshuset. Her har vi eit stort, variert og flott bygg og uteområde som er godt tilrettelagt for barnets totale utvikling. Vi har kort veg til gode turområde og lekearenaer i Vigrestad bygda og gode samarbeid med idrettshus og skulane.
1.1. Barnehagens visjon
“Omsorg, tryggheit og glede- VARME vaksne tilstede”
I Vigrestad barnehage ynskjer vi å vera nettopp det visjonen vår seier - ein god stad å vera der kvart einskild barn skal kjenna seg trygge, oppleva glede kvar dag og møta varme, trygge vaksne som vil ein vel. Ein barnehage der alle handlingar og avgjerder som påverkar barnet, skal ha barnets beste som grunnleggande omsyn.
Ein barnehage som ser, lyttar, forstår og tek barna sine behov på alvor. Ein barnehage med vaksne som har eit godt barnesyn, eit romsleg hjarta og sunne verdiar kring eigen rolle i møte med kvart enkelt barn.
Vigrestad barnehage skal gje tilbod som imøtekjem barns utvikling både fysisk og psykisk i tråd med rammeplanen for barnehagen. Det inneber at vi skal gje barna eit variert tilbod av pedagogisk tilrettelagte aktivitetar som inspirerer og stimulerer barns lærelyst, nysgjerrigheit og empatiske evner. Visjonen skal vera levande og det stillast krav til det einskilde personale for å heile tida vera fagleg oppdatert.
1.2. Barnehagens profil
I barnehagen vår er vi opptatt av at kvart barn skal kjenna seg unikt og verdifullt. Vår hovudoppgåve er å la barna få utvikla seg som sjølvstendige menneske ut frå sine eigne forutsetningar, samtidig som dei lærar og respektera og ta vare på menneska rundt seg. Til det trengs det gode ramar, eit godt gjennomtenkt fysisk miljø, vaksne som involverer seg i barnas kvardag og som forstå barnet. Vi må også ha evne ti lå sjå barnas eigenverdi for å kunna gje kvart enkelt barn det dei treng. Alle barn skal kjenna seg sett og trygge til ei kvar tid, og få hjelp til å utvikla sunne vennskap.
1.3. Psykososialt miljø
Barnehagen skal førebyggje og hindra krenkingar eller mobbing, og det forventast at det blir handtert, stoppa og følgt opp dersom mobbing og krenkingar førekomer. Tidleg innsats istaden for ein “vent og sjå holdning” gjeld alle barn i barnehagen. Derfor har vi ei ressursgruppe som støtteapparat (jf.punkt 6). Samt ei ny lovendring som kom i jan. 2021, med meldeplikt og igangsetting av tiltak og oppfølging dersom eit barn opplever å ikkje ha det godt.
Barnehagen er i ein særstilling når det gjeld og læra barn sosial kompetanse fordi barnehagekvardagen skal innehalde fokus på relasjonar, leik, vennskap og omsorg. Grundig og gjentakande opplæring av personalet innanfor temaet som tidleg innsats, sosial kompetanse, autoritative vaksenstiler, handtering av utfordrande åtferd, emosjonsveiledande oppdragarstil, auka leikekompetanse og no om eit trygt og inkluderande barnehagemiljø er viktige grunnpilarar i jobben vår. Barna oppfordrast til å samarbeida, ha -sjølvkontroll, -empati og kan vise ansvar. Personalet skal arbeide for eit miljø som ikkje berre gjer barna til mottakar av omsorg, men også sjølv vere omsorgsgivar.
1.4. Utviklingsområde 2023/2024.
1.4.1 Gode språkmiljø på alle barn, utviklingsormåde frå kvalitetsplanen:
Barnehagen er ein sentral arena for utvikling av språk, kultur og identitet.
Språket er ein føresetnad for utvikling av vennskap og deltaking i fellesskapet. Barn si språkutvikling heng nøye saman med kvaliteten av det språkmiljøet dei er ein del av. Eit rikt språkmiljø byggjer på kompetente tilsette som forstår barna sine ulike utrykksmønster, som kan gje støtte og utfordre barna til vidare utvikling. Språket som kommunikasjonsmiddel er eit reiskap for tenking og uttrykk for eigne tankar og følelsar. Barnehagen skal ha kompetanse på å observere, dokumentere og vurdere språkmiljøet til det einskilde barn og til barnegruppa.
Prosessmål:
- Ha kompetanse på ikkje-verbal kommunikasjon i møte med dei yngste barna.
- Ha kompetanse på å vere god samtalestøtte for barn.
- Ha kompetanse på barn si språkutvikling og systematisk bruk av ASK til alle barn.
1.4.2 CLASS (Classroom Assessment Scoring System):
CLASS er kort fortalt ein forskingsbasert observasjonsmetode for å vurdere kvalitet på omsorg- og læringsmiljø i barnehagen.
Class observasjon har som mål å måle/score personalet ut i frå 8 ulike dimensjonar i systematisk observasjon der målet er å forbetre, læra og halda oppe kvalitet.
Gjennom slik observasjon og tilbakemelding vil vi i større grad kunne styrke dei tilsette sin kunnskap og handlingskompetanse slik at dei best mogleg kan støtte barna si utvikling og læring.
1.4.3 Saman om god oppvekst:
Det kommunale programmet ‘Saman om god oppvekst’ er eit foreldrerettleiingsprogram. Med mål om å tilby styrking til foreldre i foreldrerolla gjennom rettleiing på lavterskelnivå. Det blir lagt opp til foreldrerettleiingskveldar til alle foreldre til 3- og 6-åringar i alle barnehagane i kommunen. Hos oss er det Emma O. Hauge og Nathalie Solstrand som er våre foreldrerettleiarar, i samarbeid med styrar Tone Dovland.
1.4.4 Inkluderande skule og barnehage:
Vi har tidlegare i 2 år vore med i Jærskulen sitt prosjekt: «Inkluderande barnehage og skulemiljø.» Eit prosjekt vi har arbeida systematisk med for å gi oss utvida kunnskap om mobbeåtferd og korleis me kan førebyggja og handtera det.
Vi vil at alle barn skal kjenna seg trygge kvar einaste dag og godt tekne i vare, og har difor utarbeidd ein vidareføringsplan i dette temaet som er blitt ein del av våre satsingsområde. Mobbing og utestenging er ikkje akseptabelt hos oss.
Vi har og ein eigen langsiktig mobbeplan som grunnlag for dette arbeidet. Det er viktig at vaksne både heime og i barnehagen er gode førebilete for barna og bidreg til at barna utviklar eit godt sjølvbilete gjennom å bli tekne på alvor, bli høyrde, sette og kjenna at dei meistrar å utvikla gode sosiale relasjonar i samspel med andre barn og vaksne.
1.4.5 Vald og overgrep mot barn:
Vald, overgrep og omsorgssvikt mot barn er eit folkehelseproblem.
Ein vond barndom kan vara livet ut. Barn er mest sårbare for belastningar som skjer i omsorgsrelasjonar dei første leveåra. 19% gutar og 23% jenter opplever, eller er vitne til alvorleg vald før dei fyller 6 år. 14% gutar og 8% jenter blir utsett for seksuelle overgrep før dei fyller 6 år (Hafstad og Augsti, 2019).
Barnehagen skal i følgje rammeplanen ha eit bevisst forhold til at barn kan vere utsett for omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep, og vite korleis dette skal bli førebygd og bli oppdaga.
Våren 23, vedtok Kommunestyret ein handlingsplan mot vald og overgrep i nære relasjonar, handlingsplanen gjeld alle barnehagar, skular og institusjonar og må takast i verk.
Barnehagetilsettes rolle er uvurderleg for både å kompensera for og avdekka vald som skjer. Eit steg i denne retninga er at to pedagogar hjå oss, samt styrar har gått på kurs med Stine Sofie Stiftelsen (SSS) og blitt sertifisert til ‘Barneombod’. Målet på sikt er enda fleire tilsette som blir utdanna til barneombod i barnehagen, fordelt på alle avdelingar.
Barnehagen ønsker ‘vald og overgrep’ skal vere eit fast tema/pensum i barnehagen kvart år, med hensikt i å auke kunnskap, avdekka tidlegast mogleg og gripe inn ved behov. Ressurspersonane skal brukast som kursleiar for anna personale med mål om at personalet skal ha eit bevisst forhold til:
- Vårt verdisyn, ansvar og plikter
- Ha kjennskap til ulike valdtypar – fysisk og psykisk.
- Konsekvensar av vald og overgrep
- Håndterings/meldingsprosessar, kven gjer kva?
- Den viktige samtalen med barn om vald ved bekymring.
- Teikn, symptom, åtferd og risikofaktorar
- Foreldresamarbeid
- Kollegastøtte