4 Overgangar
4.1 Når barnet byrjar i barnehagen
I Vigrestad barnehage, skal alle barn få ein trygg og god oppstart. For å kunne gi barn og foreldre ein best mogleg start i barnehagen, inviterer vi til foreldremøte for nye foreldre om våren. Det blir gitt grundig informasjon om det å vere ny i barnehagen. Nye barn får tilbod om 6 besøksdagar på 1 time i vekene før sommaren, og foreldra må setje av minst 5 dagar til tilvenning. Vi har god erfaring med dette, og ser at tilvenninga om hausten går lettare. Nye foreldre blir inviterte til oppstartsamtalar, der fokuset er å utveksle relevant informasjon til det beste for barnet.
4.2 Overgangar innad i barnehagen
Avdelingane (etter at barnelista er klargjord) samarbeider slik at barn som skal skifte avdeling blir kjente både med personalet og avdelinga dei skal til, før eit nytt barnehageår startar. Dette for å tidleg kunne byggje gode relasjonar og trygge stunder for barna det gjeld. Målet er å leggje til rette for ein mjuk overgang, at barna skal verte kjende og få ein byrjande tryggleik på ny avdeling før oppstart i august.
4.3 Overgangen mellom barnehage og skule
Vi samarbeider med Stokkalandsmarka barnehage og Vigrestad barneskule for å få til ein god overgang mellom barnehagen og skulen. Målet med samarbeidet er å leggje til rette for ein så god og trygg overgang som mogleg, sidan vi veit at ein god oppstart og byrjing på skulen kan legge grunnlaget for vidare skulegang. Om våren har vi ein overføringssamtale mellom lærar, pedagog og foreldra. Hensikten med samtalen er å vise skulen kven barnet er, kva det kan og korleis dei på best mogleg måte kan møte barnet for å gjere overgangen god for det