Vi på Vigrestad barnehage ønskjer at DITT barn og DU som forelder skal kjenne tilvenninga så trygg som overhovud mogleg. Vi veit at foreldre er spente og nervøse før oppstart i barnehagen, og at kjenslene ofte sit utanpå – både hjå foreldre og barn dei første vekene.
Dette er veldig vanleg å kjenne på, og vi ønskjer å tilby eit stort rom for spørsmål, tankar og godt samarbeid med heimen.
Hjå oss, får alle barn som skal starte opp tilbod om å kome på besøksdagar før sommaren.
Dette er vanlegvis eit tilbod som går på at de kan kome på besøk 1 time ein gitt dag i veka.
Denne timen er de foreldre med, og har alt ansvar for bleieskift, mat og andre behov barnet dykkar har. Vi stiller med ein eller 2 i personalet som skal vere på avdelinga der barnet ditt skal byrje, og jobben vår denne besøkstimen er å framstå med det «snille ansiktet» og vere til stades for å tone oss inn på barnet ditt sakte men sikkert, i barnet sitt eige tempo. Desse dagane er det også moglegheit for å sjå seg om i barnehagen og å spør om ting de lurer på og treng å vite.
Dei første dagane når barnet ditt startar tilvenninga:
Dei første dagane er viktige for å danne eit godt grunnlag for trygg og god tilknyting til personalet. Slik får vi ein god oppstart. Både foreldre og personalet må bruke god tid, slik at barnet kan føle seg så trygg som mogleg i dei nye omgivelsane. Det er de som foreldre som er den ”trygge basen” for barnet dykkar desse dagane. Det er difor viktig at de er til stades og ikkje går ut av rommet, eller vandrar rundt på avdelinga. Det blir fort forvirrande og utrygt for barnet. Vi ønskjer at de sit på eit bestemt stad på golvet. Då kan barnet gå rundt og utforske fritt utan at det treng å halde styr på kvar foreldra er til ein kvar tid. Barnet kan lett kome tilbake og få påfyll av tryggleik og kos.
Vi ønskjer at de som foreldre skal vere aktivt med i tilvenninga. Det er i hovudsak de som har ansvar for dykkar barn dei første dagane. Det vil seie at det er de som skiftar bleie, gir barnet mat, og kler på barnet i garderoben. Vi er sjølvsagt også med, men det er tryggast for barnet om de gjer det sjølv dei første dagane. Vi ønskjer også at de er aktivt med i leiken med barnet dykkar. Ved at de har hovudansvaret dei første dagane, og vi er litt på sidelinja, kan vi sjå på korleis barnet samspelar, kommuniserer og reagerer på ulike situasjonar. Barnet får moglegheit til å venne seg til omgivnadane og dei andre barna med deg som ein trygg base. Barnet får også på denne måten sjå at mor/far snakkar og samarbeider med oss vaksne på ein god måte. Det viser barnet at mor/far er trygge på oss, noko som gjer det lettare for barnet å søkje tryggleik hos oss etter kvart som dei skal vere aleine i barnehagen.
Vi vil anbefale at de ser an barnet dykkar og brukar den tida barnet treng på tilvenning. Dette vil vere individuelt. Bruk god tid, da nyare forsking viser at det er svært viktig for ein god oppstart. Her er ein god dialog med personalet viktig. Det er de som kjenner barnet dykkar best, og ser kva som er nødvendig. Bruk gjerne besteforeldre, onklar/tanter eller andre som kjenner barnet godt til å gjere dagane i barnehagen litt kortare den første tida.
Det er ynskjeleg at det berre er mor eller far som er med barnet i tilvenninga. Det er mange barn som skal bli trygge samtidig, og då gjer ein det meir forvirrande og usikkert for barna om det er fleire vaksne enn naudsynt i rommet. Håper de har forståing for det.
Når mor/far skal gå frå barnet
Det er viktig at barnet får ein gradvis tilvenning i barnehagen, difor er det lurt at dei første dagane etter tilvenningsperioden er kortare – om det er mogleg. Vi anbefaler også at barnet kjem i barnehagen kvar dag den første tida, til det verkar trygt, har fått innarbeidde rutinar, og fått forståing av at det er her eg skal vere, og at mor/ far kjem tilbake igjen. Dette gjer kvardagen meir føreseieleg for barnet, noko som igjen gjer det lettare for barnet å bli trygg i barnehagen. Informer personalet kva klokkeslett de kjem og hentar. Dette vil vi bruke for å hjelpe barnet gjennom dagen, og når vi fortel kva som skal skje før det blir henta.
Det er bra om de som foreldre førebur barnet i god tid om at noko nytt skal skje. Førebuingar i tilknyting til overgangssituasjonar og farvel har mykje å seie for barnet.
Dette kan de gjere for å førebu barnet:
- Samtale med barnet om barnehagen. Vær positiv, men snakk sant. Her skal du leike og ha det bra. Mor/far skal vere med dei første dagane, så skal mor/far gå på jobb og du skal vere i barnehagen.
- Ha bilete av personalet og barnehagen tilgjengeleg for barnet. Viktig for barnet å ha noko konkret. Ha samtalar ut frå bilda.
- Dra på tur for å leike på barnehagens leikeplass utanfor barnehagens opningstid. Då blir barnet kjent med området, og vil kjenne det att.
- Lag til «Meg sjølv boka/huset». Lim inn bilete og ha den klar til oppstarten.
- Avtal gjerne med personalet om besøk i barnehagen. Alle får tildelt ein besøksdag, men kom gjerne fleire gonger før oppstart.
Avskjeden
Tårer og såre avskjedar skjer svært ofte i oppstarten. Dette kan vere like vanskeleg for dykk som foreldre som for barnet, noko vi har full forståing for. Det er viktig å gjennomføre avskjeden, sjølv om det kan vere tøft. Har de sagt hade og skal gå, må de gjennomføre dette. Det blir berre meir forvirrande for barnet om avskjeden blir dratt ut for å prøve å unngå tårene. (sjå eige skriv: ”Du må tole tårene”)
Hugs: Foreldre skal alltid seie frå når dei går frå barnet. Ikke avled eit barn sjølv om det kjennest betre for dykk foreldre/personalet at barnet ikkje græt når de går. Om de berre forsvinn utan å seie i frå kan det bli utrygt og vanskeleg for barnet. Dersom de er usikre, blir barnet usikkert og tilvenningsfasen tar lengre tid. Det betyr ikkje at det ikkje er lov å vere usikker, men snakk med personalet om det, ikkje barnet. Vi vil halde dykk oppdaterte på korleis det går med barnet gjennom sms/mykid om de ønskjer det.
Etter tilvenningsperioden kan det framleis vere veldig sårt for nokre barn når mor eller far går, barnet er ikkje heilt trygt i barnehagen. Plutseleg er ikkje alt like spennande lenger, men kanskje litt skummelt no som ikkje mor/ far er der. Barnet har mykje nytt å forhalde seg til, mange nye vaksne/ barn, mange nye leikar, rom og rutinar. Det er viktig at barnet får tid til å bli kjent med alt dette nye, og at vi vaksne forstår at den første tida kan vere utfordrande for barnet. Ha lite planar på ettermiddagstid, og sett av tid til kvalitetstid med barnet ditt.
Overgangsobjekt
Et overgangsobjekt er eit symbol som står for noko anna. Det er eit symbol på samspelsopplevingar og nærleiken barna har til omsorgspersonane sine. Det minner barna om det dei saknar; t.d. mor og far. Det representerer tryggleik, nesten som om mor eller far er der. Overgangsobjektet blir mest brukt i situasjonar som sorg, savn, når barnet skal sove, er lei seg osv.
NB! Dersom barnet blir pressa til å klare seg utan overgangsobjektet før det er klart for det, kan barnet bli utrygt. Ta difor med tutt, kosefiller, bamse osv.. Det har stor tyding for barnet, og barnets behov for trøyst.
Hugs at alle barn er ulike; nokon treng ekstra lang tid på å bli trygge i barnehagen, medan andre er trygge etter kort tilvenning.
Primærkontakt/tilknytingsperson
Kvart barn har sin eigen primærkontakt. Ein primærkontakt vil seie at barnet har ein fast vaksen som er saman med barnet i situasjonar som måltid, bleieskift og legging. På den måten blir primærkontakten og barnet godt kjent, og barnet får høve til å etablere ein nær relasjon til ein bestemt vaksen. Det er primærkontakten som skal vere saman med barnet og mor/far dei første dagane i barnehagen. Primærkontakten vil også bruke tid på å snakke med mor/far.
Det kan bli endringar i kven som er primærkontakt for ditt barn. Har barnet god kjemi og knyter seg betre til ein annan vaksen enn den som er primærkontakten, vil vi alltid bytte for å gjere det som er det beste for barnet.
Praktiske opplysningar
- Ta med tutt, kosefille, eller det overgangsobjektet barnet ditt brukar.
- Alle klede må merkjast med namn.
- Ta med bleier og skift til å leggje i hylla.
Dette ynskjer vi skal liggje i skiftekurven:
- Body
- - Strømpebukse
- -Truse/bleier
- - Sokkar
- - Bukse
- - Genser
- - T- skjorte
- - Kortbukse
- - Solhatt/ caps
- - Tynn lue
- - Regnklede, støvlar og dress. Lurt å starte med ein vårdress i august, fint om den tåler litt vatn.
Dette er klede som er praktiske når barnet byrjar i august. Deretter må ein følgje med på vêret og temperaturen, og ta med varmare klede når det trengst. Ull og fleeceklær er alltid ein sikker vinnar.