Barnehagen skal i samråd og forståing med heimen ivareta barna si behov for omsorg og leik, og fremja læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling, jf. barnehageloven §1. Samarbeidet mellom heimen og barnehagen skal alltid ha barnet si beste som mål.
Foreldra og barnehage personalet har eit felles ansvar for barnet sin trivsel og utvikling.
For å sikra samarbeidet skal kvar barnehage ha eit foreldreråd (FAU) og eit samarbeidsutval (SU).
Foreldra sitt arbeidsutval (FAU)
FAU 2023-2024
Kva er FAU?
- I "Lov om barnehagar" § 4. Foreldreråd og samarbeidsutval, er utnemning og praktisering av foreldreråd og samarbeidsutval heimla.
- Foreldreråd og samarbeidsutval skal sikre samarbeidet mellom barna sin heim og barnehagen. Korleis foreldreråd og samarbeidsutval blir oppnemnde og praktiserte, er forskjellig frå barnehage til barnehage. Foreldrerådet består av alle foreldre med barn i barnehagen. Foreldrerådet kan sjølve avgjere om dei ynskjer å opprette eit arbeidsutval (FAU), dette er ikkje lovpålagt slik det er for skulane iflg. opplæringslova. Nokre foreldreråd og samarbeidsutval held hyppige møter, andre utval legg seg på eit minimum. Innaldsmessig varierer det også ein del mellom barnehagane.
- Det er viktig å merke seg at barnehageeigar skal sørgje for at saker av viktigheit skal bli lagde fram for foreldrerådet og samarbeidsutvalet (§ 4, siste avsnitt i "Lov om barnehagar"). I følgje lova skal foreldrerådet fremje foreldra sine fellesinteresser og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skapar eit godt barnehagemiljø. Er det i forskrift etter § 15 sett maksimalgrense for foreldrebetaling, kan berre foreldrerådet samtykkje i foreldrebetaling utover dette.
Samarbeidsutval (SU)
SU 2023-2024
Kva er SU?
- I lov om barnehagar § 4 Foreldreråd og samarbeidsutval, er oppnemning og praktisering av samarbeidsutval heimla. Samarbeidsutvalet skal sikra samarbeidet mellom heimen og barnehagen.
- Samarbeidsutvalet skal vere eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ..... Barnehageeigaren skal syte for at viktige saker vert lagt fram for foreldrerådet og samarbeidsutvalet (§ 4 siste ledd).
- Samarbeidsutvalet er sett saman av 2 (3) representantar frå foreldre/føresette og 2 (3) representantar frå tilsette. Styraren er sekretær for samarbeidsutvalet, og har møte-, tale- og forslagsrett. Kommunestyret nemner opp ein representant for dei.
- Utvalet skal spesielt vere med å drøfte barnehagen sitt ideelle grunnlag og arbeide for å fastsetje ein årsplan for den pedagogiske verksemda.
Sist endra 11.03.2024 13.27