Informasjon om Hå Kulturskule

Hå kulturskule gir opplæring i song og ulike instrument, musikkaktivitet, band, musikal, teater, dans og visuelle kunstfag. Opplæringa blir gitt både individuelt og i grupper. Skulen er for alle, og er møtestad for folk med ulik alder og ulik kulturell bakgrunn.

Søkinga til kulturskulen har auka dei siste åra. Kulturskulen har frå hausten 16 lærarar i aktivitet. Kulturskulen har også arbeidsgivaransvaret for dirigentar og instruktørar i skulekorpsa i kommunen. I tillegg til undervisning er lærarane aktive i prosjekt mot ulike andre tenestar i Hå kommune.

Kulturskulen har skuleåret 2019/2020 undervisning på Nærbø, Varhaug, Vigrestad og Ogna.

Kulturskulen er også på facebook. Søk opp Hå kulturskule og følg oss! Dersom du ønsker meir informasjon om kulturskulen og dei ulike tilboda, er du velkomen innom oss på Nærbø.
 

Vilkår, prisar og informasjon

Lærarar

Skuleruta

Skulekorps

Musikkteater i Hå kulturskule

Den kulturelle skulesekken (DKS) i Hå

Den kulturelle spaserstokken i Hå

.
KONTAKT OSS
Kulturtorget, Torlandsvegen 14, 4365 Nærbø
Telefon: 51 79 35 30
E-post: post.kulturtorget@ha.kommune.no

Fann du det du leita etter?