Kulturskulen - vilkår, prisar og informasjon

 

PÅMELDING FOR NYE SØKARAR/BYTTE AV FAG:
Søknadsfrist for hovudopptak (nye søkarar/bytte av fag): 1. mai.

Ein kan ha plass på fleire fag, men berre på eit instrument. Det vert oppretta venteliste dersom det melder seg fleire enn det er plass til innan søknadsfristen. Desse vert prioriterte ved neste opptak eller får plass i løpet av skuleåret. Alle får melding om plass, eventuelt venteliste innan 10. juni. Om du får tildelt plass, men likevel ikkje ønskjer denne er frist for avmelding 21. juni. Etter det er påmeldinga bindande for heile skuleåret.

UTMELDING:
Elevar i kulturskulen held på plassen inntil ho/han skriftleg melder seg ut. For dokumentasjonen sin del må du gjere dette i Speedadmin. Logg på speedadmin og trykk utmelding.
 
I fag med øvre aldersgrense vert eleven automatisk meldt ut. Frist for avmelding er 1. mai. Etter denne datoen er plassen bindande for heile neste skuleår*.

BETALING:
Giro vil normalt bli tilsendt i oktober og mars. Ein plass i Kulturskulen inneber at ein må betale skulepengar for heile skuleåret. Unntak: Kortare kurs.

AVLYSTE TIMAR/FRÅVÆR:
Når læraren har fråvær vert det normalt sett inn vikar. Dersom dette ikkje let seg gjere, må undervisninga avlysast. Ved meir enn tre avlyste timar pr. halvår, vil skulepengane bli redusert tilsvarande lærarfråværet. Elevane kan miste elevplassen etter vurdering av frammøte, førebuing og personleg utbytte/utvikling. Dette blir først drøfta med foreldre/føresette.

SKULEPENGAR:
Betalingssatsar blir vedtekne av kommunestyret kvart år.

Satsar frå våren 2019 er:
Kr 1450.- pr elev pr halvår. Det vert gitt syskenmoderasjon på denne satsen med 25% for barn nr to og fleire. Vaksne (frå 18 år) betalar full pris.

På visuelle kunstfag er det i tillegg ei materialavgift på kr 350,- pr halvår.
For songelevar er det ei materialavgift for noter på kr 100,- pr halvår.

GRADERT BETALINGSORDNING
Kulturskulen har ikkje gradert betalingsordning, men økonomi skal ikkje vere til hinder for plass. ta kontakt for meir informasjon.

INSTRUMENTLEIGE:
Kulturskulen har nokre stryke- og treblåseinstrument til leige for kr 350,- pr. halvår.

UNDERVISNINGSSTADER OG TIDER:
Undervisninga i Kulturskulen skjer på nokre skular og Hå kulturtorg. NB! Undervisninga i Kulturskulen følger eiga skulerute. Enkelte fag har fortetta undervisning. Det vert laga eigne skuleruter for desse faga. Sjå skuleruter på nettsidene.

UNDERVISNINGA:
Vi ynskjer at elevane i Hå kulturskule skal få undervisning som er tilpassa den enkelte sine evner. Undervisninga kan gis individuelt eller i grupper. Skulen skal i størst mogleg grad ha samspelstilbod til alle instrumentalistar og songarar.

KONSERTAR/FRAMFØRINGAR/UTSTILLINGAR:
Elevane får tilbod om å delta på konsertar/framføringar/utstillingar som ein del av opplæringa.

MELDINGAR:
Vi vil leggje vekt på å gje skriftlege meldingar om det blir endringar. På same måte ønsker vi at foreldre gir meldingar til læraren eller Kulturskulen om til dømes fråvær, sjukdom, adresse- og telefonendringar. Utmelding skal skje via programmet speedadmin. https://NOHAA.speedadmin.dk

NOTER:
Notemateriale må eleven betale sjølv.

*Utmeldingar som kjem inn i tidsrommet 2.mai til-og-med 1. august same år treng ikkje å betale for heile skuleåret, men blir fakturert kr 400,- for sein utmelding.

VURDERINGAR SOM BLIR GJORT VED OPPTAK AV ELEVAR I KULTURSKULEN:
Det vert gjort ei samla vurdering ut frå kriteria under. 

  • SØKNADSFRIST: Motteke innan frist for hovudopptak 1. mai.
  • VENTELISTE: Ansiennitet spelar inn. Før hovudopptak sender kulturskulen ut e-post til elevar på ventelista. Dei må re-registrere seg på https://NOHAA.speedadmin.dk  innan 1. mai om dei ønsker å vidareføre søknaden for neste skuleår.
  • ALDER: Prioritering: Ungdom først, så born. Vaksne får plass for eit år om gongen, dersom det er ledig plass. Elevar som har gått i Spilloppene vil ein prøve å prioritere ved elevopptak sidan dei allereie nyttar seg av tilbod i kulturskulen.
  • ANDRE FAG: Ein kan ha plass på fleire fag, men i utgangspunktet berre på eit instrument.
  • LÆRAR SIN TIMEPLAN: Pga. desentralisert undervisning blir læraren sin timeplan teke med i betraktning.
  • KORPSELEVAR: Kulturskulen har nokre plassar sett av til elevar tilknytt korpsa. Plassen blir disponert av korpsa.
  • BETALING: Vedtektene i Hå kommune seier at dei som mistar plassen etter manglande betaling, er velkomne som nye søkarar når det uteståande er betalt. Ein blir registrert som ny søkar, og blir dermed stilt bak i køa.
  • ANNA: Barn eller unge med særskilte dokumenterte behov kan få fortrinnsrett. Pga stor søkning kan det på enkelte fag og bli loddtrekning.
Fann du det du leita etter?