FAGTILBOD I HÅ KULTURSKULE

Hå kulturskule har desse tilboda for skuleåret 2019/2020 (pr. 11.03.19) 
Endringar kan kome. Gruppefag startar med atterhald om nok søkjarar. Tid og stad med atterhald.

Påmelding for nye søkjarar, bytte av fag og utmelding. Frist: 1. mai 2019

For elevar frå 3. klasse, fiolin frå 1. klasse
Opplæring på instrument eller song.
Undervisning i gitar, bass og slagverk er på Nærbø grunna samspill i band er del av undervisninga)

  • Tangentinstrument: Piano, kyrkjeorgel (Nærbø, Varhaug, Vigrestad, Ogna)
  • Strengeinstrument: Akustisk gitar, elgitar, elbass, ukulele (Nærbø)
  • Strykeinstrument: Fiolin, bratsj, cello (Nærbø, Varhaug)
  • Slagverk: Trommesett (Nærbø)
  • Song (Nærbø)
     
  • Bandkurs (frå 8. klasse)
    Tid/stad: 10 vekers kurs i gruppe onsdag og torsdag ettermiddag på Hå kulturtorg, Nærbø.
  • Gitarkurs (frå 5. klasse)
    Tid/stad: 10 vekers kurs i gruppe, Nærbø, onsdag ettermiddag

 

SKAPANDE SKRIVING

Låtskriving
Fra 8.klasse.
Tid/stad: Onsdag ettermiddag, Hå kulturtorg, Nærbø

 

VISUELLE KUNSTFAG

Grupper delvis etter alder. Nedre aldersgrense: 3. klasse.
Innføring i ulike teknikkar og arbeidsmetodar i visuell kunst. Praktisk skapande arbeid med teikning/maling, farge og komposisjon. Bruk av ulike materiale, reiskapar og teknikkar. To- og tredimensjonal form. I keramikk, dreiing og modellering.

  • Maling/teikning
  • Keramikk

Tid/stad: Undervisning på Motland skule måndag, onsdag og torsdag ettermiddag/kveld.


TILRETTELAGT MUSIKKOPPLÆRING

Hårock
Band for vaksne med behov for særleg tilrettelegging.
Tid/stad: Måndag 1700-1830 på Nærbø
 

MAKSI (tilrettelagt musikkaktivitet)
For barn og vaksne med behov for særleg tilrettelegging. Ved hjelp av musikk blir  aktivitetane tilrettelagd slik at den enkelte elev får moglegheit til å utvikle sine eigne ressursar og utvikle sin eigen musikalitet.
 
M = musisering - meistring - motivasjon - motorikk
A = aktivitet - atmosfære - "adle i hoba"
K = kommunikasjon - klangfarge - konkretisering
S = samspel - samhandling - stemning
I = innleving - individualisere - inntrykk
 
Tid/stad: Måndag på Nærbø
 

SCENEFAG

Spilloppene
For elevar i 1. til 3. klasse
Me spelar konsertar og framsyningar med song, spel og teaterleik.

Tid/stad:
Tysdag kl 1200 på Bø skule
Onsdag kl 1415 på Varhaug skule

Jazzdans
Grupper etter alder/ferdighet. Nedre aldersgrense: 2. klasse.
Opplæring i jazzdans. Det kan bli samarbeid med andre fag i kulturskulen som musikk, visuelle kunstfag, teater i framsyningar eller prosjekt. 

Tid/stad: Onsdag ettermiddag på Vigrestad storskule og Varhaug skule.

Ballett (fordjuping)
Fra 6.klasse. Opptak etter alder og ferdigheit.
OBS: Man må ha gått på ordinær danseundervisning tidligare.

Tid/stad: Onsdag ettermiddag på Vigrestad storskule.

Teater

Fra 3. klasse. Kurset inneheld dramaleik, samarbeidsleik, øvingar i tryggleik, miming stemmebruk og improvisasjon. Det kan bli samarbeid med andre fag i kulturskulen som musikk, visuelle kunstfag, teater, dans o.l. i framsyningar eller prosjekt.

Tid/stad:
Tysdag 1300-1400 på Hå kulturtorg (i utgangspunktet for nybegynnarar)
Tysdag 1415-1515 på Hå kulturtorg
Tysdag 1515-1615 på Hå kulturtorg (i utgangspunktet for vidarekomande)

Musikal
Frå 6. klasse. Undervisning frå september til mars. Det vil bli undervisning i song, dans og teater.  Musikalfaget er svært produksjonsretta og det vert stilt ekstra krav til elevane.  Det vil bli audition for roller. Det kan bli samarbeid med andre fag i kulturskulen eller personar/grupper.

Tid/stad: Tysdagar 1645-1845 på Hå kulturtorg.

Fann du det du leita etter?