Innhaldet i undervisninga vil bli tilpassa elevane som skal delta på alternativ til skulegudsteneste. Det kan difor variera noko, men temaene vil vera knytt opp mot:
- Fortellingar og trusforestillingar knytt til jula i kristen tradisjon.
- Juletradisjonar før og no. (til dømes tradisjonar knytt til nissar, selskap, pakkar og pynting)
- Syngje eller lytta til songar som er vanlege å bruka i desember.
Opplegget kan innehalda høgtlesing, songar, lystenning, forteljingar frå korleis ein feira jul før og samtale om kva elevane skal gjere eller pleier å gjera i juleferien. Ein del av opplegget, kan vera ein formingsaktivitet.
For elevar på mellomtrinnet, går det og an å arbeida med kjøpepress, bærekraft/overforbruk knytt opp mot feiringar meir generelt.