Det er kantineordning dei dagane elevane går til kl 1410: måndag, onsdag, torsdag og fredag. Tysdag er kort dag, og det er difor ikkje servering av lunsj/frukt på tysdagar.
Kvar klasse får eit brett med brødmat og pålegg (ost, kjøtpålegg, leverpostei, majones, agurk, paprika, syltetøy), som blir servert i klasseromma.
Ved allergi send e-post: sirimalde.hove@ha.kommune.no
Faktura blir sendt ut frå Hå kommune to gonger pr skuleår ca oktober og mars. Skriftleg oppseiing før 10.januar for vårhalvåret. Det vert ikkje refundert pengar dersom eleven sluttar med tilbodet midt i halvåret.
Pris pr halvår: kr 1 216,-
Me har framleis gratis frukt og eiga abonnementsordning på Tine-produkt (sjå eige punkt under Skolelyst).
Bestilling og endring gjer de til Siri i administrasjonen
(epost:SiriMalde.hove@ha.kommune.no)