Førebygging og kartlegging
Utanom det daglege arbeidet med å skape eit godt arbeidsmiljø, har skulen desse faste rutinane:
- Skulen gjennomførar ei årleg spørjeundersøking om mobbing. Undersøkinga er ikkje anonym. Elevane skriv eige namn og vert bedd om å gi namnet på mobbaren dersom dei vert mobba.
Resultata vert registrert for å gi ei statistisk oversikt over mobbing på skulen.
Einskildsaker vert følgd opp av kontaktlærarane til både mobbar og offer etter fastlagd rutine. (Sjå under)
- Skulen har fast rutine der elevane vert bedd om å vurdere sin eigen standard innan orden og framferd. Dette vert gjennomført minimum 2 gonger i året. Elevane vert bedd om å svare ja eller nei på spørsmåla. Svara vert drøfta mellom elev og kontaktlærar og vert i tillegg ein del av trekantsamtalen mellom elev, føresette og kontaktlærar.
- Skulen har ein felles mal for trekantsamtalane der ei vurdering av mobbing, framferd og orden er faste punkt kvar gong.
Rutinar og reaksjonar når mobbing og andre konfliktar oppstår
- Reaksjon når situasjonar oppstår.
- Når du som vaksen oppdagar/kjem oppi ein mobbesituasjon/konflikt, skal ein alltid reagere. Stopp hendinga aleine eller få hjelp av kollegaer. Elevane skal sjå at vi reagerar.
- Ikkje gå inn i diskusjon med elevane i konfliktsituasjonen. Reager med setningar som:
Eg såg at du gjorde….. eller Eg høyrde at du sa….. Det er viktig å signalisere at du ikkje godtek handlinga til eleven.
- Ro ned situasjonen og gi beskjed om at kontaktlærar kjem tilbake til saka, både til overgripar og offer.
Oppfølging
- Kontaktlærarane til både overgriper og offer set av tid til å følgje opp så snart dei kan. (dvs. innan få timar ikkje etter fleire dagar)
- Ein har samtale med overgripar og offer kvar for seg. Overfor overgripar er det viktig å fokusere på at handlinga han/ho gjorde ikkje kan aksepterast. Overfor offer er det viktig å få fram omfanget og gjere avtaler om korleis han/ho kan gjere dersom plaginga fortset.
- I ein del høve er det ikkje reine overgriparar og offer, dei er litt av begge deler. Metodikken er den same. Ein er tydeleg på at ein ikkje godtek handlinga og prøver å få til avtaler om andre måtar å ordne opp på.
- Når ein har snakka med partane kvar for seg, kan det i nokre høve vere nyttig å ha samtale med begge samtidig, for å avklare dersom dei har ulike framstillingar. Ein slik samtale må munne ut i ein avtale om korleis ein skal ordne opp på i framtida. Lærarane må vurdere om dette punktet skal gjennomførast eller ikkje ut frå kvar einskild situasjon.
- Til vanleg skal dei føresette ha melding om episodane, særleg dersom det er vold med i bilete.
Reaksjonar ved plaging over tid.
- Når skulen vert klar over at systematisk plaging går føre seg, tek kontaktlæraren til offer og overgripar samtale med kvar av dei. Ein tek eventuelt og ein samtale med begge samstundes slik at begge får høyre den same konklusjonen. Det er viktig å markere at det er handlingane vi ikkje aksepterer!
- Tiltak: Den første veka har ein samtale med både offer og overgripar for å undersøke om handlingane har stoppa. Går det greitt den veka, går ein over til å ha samtale i slutten av veka i 3 veker. Fungerar dette sluttar ein av der.
- Fungerar det ikkje, fortset ein med daglege samtalar til ein ser verknad. Ein kan og eventuelt kople inn rektor i den fasen. I samarbeid vert ein samde om kven som skal følgje opp vidare.
- NB. Før ein set i verk denne prosedyren, skal alltid heimen varslas.
- Parallelt med denne prosedyren, som er ein rutine for å stoppe handlinga til overgriparen, må ein og arbeide med både offer og overgripar for å finne alternative måtar å reagere og vere på.
Tiltak ved ”generell mobbing”, utestenging og plaging der det ikkje er klare overgriparar.
Definisjon:
Med ”generell mobbing” meiner vi først og fremst at einskilde elevar vert utsette for ein ”kultur” mot dei, kor ein ikkje kan peika på ein einskild mobbar eller gjeng av mobbarar, men at ”heile” skulen kjem med slengmerknader, stengjer eleven ute eller dyttar borti denne eine eleven.
Tiltak:
- Dersom ein klarer å klargjere episodar som kjem inn under pkt. 2., brukar ein den prosedyren.
- Generelt tiltak er å lage ein tiltaksplan ut frå kvart einskild høve. Planen må utarbeidast i samarbeid med heimen og evnt. støttefunksjonane i kommunen. Planen må innehalde realistiske målsettingar, tiltak og korleis ein vurderar undervegs.
Eksempel på tiltak
- Regelmessig og bevisst arbeid med klassemiljøet.
- Elevsamtalar, - kor ein og kan, om ein ser det tenleg, gjere bruk av ”leiarar”, sterke elevar, som kan arbeide for at alle vert inkluderte i fellesskapet / evt. at munnbruk og anna negativ oppførsel tek slutt.
- Foreldremøte, - kor ein tek opp problemet på fleire nivå, trinn, klasse, foreldresamtale.
- Auka vaksentettleiken i friminutta.
- Lærarar / vaksenpersonar slår umiddelbart ned på negativt snakk / mobbing, om ein ikkje reagerer vert det som ein aksepterer.
- Lærarar / vaksenpersonar må og vera medvitne om eigen språkbruk, og negativ omtale av andre.
Generelle kommentarar.
- Prosedyren under pkt. 2 skal og brukast ved anna uønska framferd, anten det gjeld ordensproblem eller dårleg framferd.
- Ved oppdaging av systematisk mobbing, skal ein alltid sette i gang pkt. 3.