Oppdatert: 13.05.24. klokka 21.42.
Informasjon v. 19 og 20
Torsdag 9. og fredag 10. mai er skulefri, i samband med Kristi Himmelfartsdag.
17. mai er rett rundt hjørnet. Dei vaksne på trinnet skal gå med egne ungar eller har andre planar, så vi treng voksne til å gå i tog saman med klassen. Ta kontakt med klassekontaktane (mor til Oscar, far til Malin og far til Live) viss du kan.
Halvårsvurderingane ligg nå klare i Visma. Gå inn via appen, eller nettsida og les gjennom før utviklingssamtalen med din elev.
Dei elevane som ikkje har fylt ut skjema for utviklingssamtale (ligg under Norsk i Classroom), kan gjera dette før dei møter til samtale. Dei første samtalane er allereie tysdag 7. mai.
Rebekka har vore sjukmeldt, men er no tilbake. På grunn av dette får elevane i A-gruppa innkalling til utviklingssamtale med litt kort frist. Vurderingane (som nemnt over) ligg klar også for A-gruppa.
Me minner om jenteforeldremøte måndag 6. mai kl. 16, på basen for 5. trinn. NB! Det er kun for voksne, ingen elevar skal vere med.
Dei første cirka 40 som var fadrar for dei nye førsteklassingane høsta skryt for innsatsen sin. Bra jobba! Torsdag 16. mai skal dei på trinnet som ikkje har møtt faddarungane sine ennå få moglegheit til det.
Hanne er delvis sjukmeldt. Torgeir har kontaktlæraransvaret for D-gruppa ut skuleåret.
I sisteøkta onsdag 8. mai er vi inviterte på fellessamling hjå 6. trinn. Difor tek vi utegym for heile trinnet i 3. økt. Elevane treng ikkje utstyr til dusjing den dagen.
Lærarar neste år: Anders og Tomas held fram som kontaktlærarar på trinnet. I tillegg kjem to damer frå Bryne inn på trinnet, Mariann og Veronica. Dette er foreløpig informasjon, det kan skje endringar. Nanzy vil mest sannsynleg ha ei deltidsstilling med oss.
Måndag 20. mai er fridag. God langhelg!
______________________________________
Lekser veke 20
Til tysdag | ⭐ Diverse
| Gjer ferdig oppgåvene frå lesing i timen måndag, om du ikkje blei ferdig. Teksten og oppgåvene ligg på Classroom under Samfunn. Vekelekse: Fyll ut skjema til utviklingssamtale ilag med nokon heime. Skjemaet ligg på Classroom Norsk. NB! LAD CHROMEBOOK FULLT! |
Til onsdag | ⭐ Matte ⭐ Gym | Gjer arket om likningar. Utegym for alle i 3. økt. Treng ikkje dusjeutstyr, men høvelege klede og sko er lurt. Kanskje ta med eit flagg? Vi skal øve til 17. mai i siste økt. |
Til torsdag | ⭐ Gym
⭐ Lesing
| Det blir sendt ut melding til dei som skal ha symjing framover. Resten skal ha gym på skulen. Resten: Utegym på Bø. Les teksten om 17. mai og svar på spørsmåla. NB! Lad CB godt før langhelga. |
Til fredag | | Leksefri pga. 17. mai!!! Barnetoget startar 09:30. Møt opp seinast 09:15 i Jadarvegen. Bø skule er gruppe 13 og skal stille opp midtvegs mellom stasjonen og handelslaget.
|
Tomas Johan Legreid
Kontaktlærar 5C
Send e-post
Anders Helleren
Kontaktlærar 5B
Send e-post
Hanne Cecilia Risa
Kontaktlærar 5D
Send e-post
Rebekka Obrestad
Kontaktlærar 5A
Ingun Eckhoff Varhaug
Vernepleiar
Timeplan 5. trinn 23/24
NB! Denne var laget mens vi var fire kontaktlærere, og hadde planlagt mye mer tredeling. Nå har vi tredeling mandager og 1. time torsdager.
Økt | Måndag | Tysdag | Onsdag | Torsdag | Fredag |
1. | Lesing 1 Lesing 2 Lesing 3 | Lesing 1 Lesing 2 Lesing 3 | Musikk 1 Matte 2 Norsk 3
| Sym 1 Gym 2 Gym 3 | Norsk 1 Engelsk/Timen Livet 2 Engelsk/Timen Livet 3 |
2. | Samf 1 Matte 2 Engelsk 3 | Matte 1 Norsk 2 Musikk 3
| Norsk 1 Musikk 2 Matte 3
| Norsk 1 Matte/fys 2 Naturfag 3
| Engelsk/Timen Livet 1 Norsk 2 Norsk 3 |
3. | Matte 1 Engelsk 2 Samf 3 | HEIM 10:45! | Krle 1 Gym 2 Gym 3
| Naturfag 1 Norsk 2 Matte/fys 3 | K&H 1 K&H 2 K&H 3 |
4. | Engelsk 1 Samf 2 Matte 3 | | Gym 1 Krle 2 Krle 3
| Matte/fys 1 Naturfag 2 Norsk 3 | K&H 1 K&H 2 K&H 3 |