Informasjon veke 20
- Det vert utviklingssamtalar i 4A og 4C i veke 20-21.
Innkalling i Visma.
- Birte og Torill takkar for 4 fine skuleår saman med den gode gjengen ❤️
- Ny rullering i symjing. Sjå melding i Visma.
- Onsdag 5. juni er det Hei Verda open dag på Bø skule kl. 14.00-16.45. Meir informasjon kjem etterkvart. Me på 4. trinn skal ha loppemarknad og vil gjerne ha lopper (t.d. bamsar, dokker, bøker, spel og pynteting). Alt må vere heilt, reint og i god stand. Loppene leverast på 4. trinn sin base i skuletida.
- Lærarar på 5. trinn: Atle Gudmestad, Julie H L Eilertsen, Marianne Øvstebø, Rune Sirevåg,
Signy-Beate Håland, Ådne Å Salte og Else Kari Andersson (avdelingsleiar).
- Onsdag 15. mai er det øvetog til 17. mai. Ta gjerne med eit flagg på skulen 🇳🇴
- Barnetoget på 17. mai: Oppmøte på torget kl. 09.15. Det vil vere føresette på trinnet som går saman med elevane i barnetoget.
- Ønsker alle ein god 17. mai 🇳🇴
Lekser veke 20
Lekse måndag 13. mai
Norsk:
⭐ Gjer leksa saman med ein vaksen heime.
Arbeid med Les og forstå-teksten, “17. mai-dessert” s. 94 - 95 i Salto arbeidsbok 4B.
- Gjer oppgåve b, c, d, e, f, g, og h s. 95 i Salto arbeidsbok. Hugs å skrive fullstendige setningar.
Lekse tysdag 14. mai
Matte:
⭐ Gjer leksa saman med ein vaksen heime.
Arbeid med arket i leksemappa.
Lekse onsdag 15. mai
Norsk:
⭐ Arbeid med Les og forstå-teksten, “Historia om Harald Hårfagre” s. 98 - 99 i Salto arbeidsbok 4B.
- Gjer oppgåve b, c, d, e, f og g s. 99 i Salto arbeidsbok.
⭐ Pakk gymklede og gymsko eller symjeklede. Hugs handkle og dusjsåpe.
Ny gruppe i symjing. Sjå melding i Visma.