Gråtassen barnehage var tidlegare ein del av Trekløveren barnehage, og heitte då Trekløveren barnehage avd. Pilevegen. I 2021 blei det bestemt at Trekløveren og Pilevegen skulle verta to sjølvstendige barnehagar, og slik blei Gråtassen barnehage til. Adressa vår er Pilevegen 5, og vi er nærmaste nabo til barneskulen. Opningstida vår er 06.45 – 16.15.
Gråtassen er ein modulbarnehage og er bygd for 3 avdelingar. No har me ledige plassar, derfor er barna delt inn i to avdelingar; Stallen og Bingen. På Bingen går barna som er 1-3 år, mens på Stallen går dei som er 3-5 år.
Her i barnehagen er det engasjerte ansatte, med fagleg tyngde, som alltid har fokus på det beste for barna! Den viktigaste oppgåva vi har er å skape trygghet og tillit hjå barna. Det er eit ansvar vi er bevisst på, og eit ansvar vi tar - vi er relasjonsbyggere.