Ved kvar barnehage og skule er det oppretta ei tverrfagleg ressursteam for å ta seg av samansette vanskar.
Målsetjinga for gruppa er tidleg innsats og førebyggjande arbeid, og å samordna og gi råd om tiltak for barn og unge frå 0 - 16 år.
Vanskane kan vera helsemessige, språklege, faglege, psykologiske eller av sosial art.
Eit slik breitt samansett ressursgruppe med variert kompetanse er nyttig for å kunne gje gode
tenester, og for å kunne arbeide godt med førebygging av vanskar.
Ressursteamet har representantar frå:
Barnehagen, 0 - 5 år
Pedagogisk psykologisk teneste (PPT)
Helsestasjonen
Barneverntenesta
Andre faginstansar( fysioterapeut, familiesenteret, SLT- koordinator, lege, BUP o.a.) vert kalla inn viss det trengs. Alle som tek del i gruppa har teieplikt.
Du som er føresette vert kontakta før ditt barn blir drøfta i gruppa. Du skal og verta orientert om gruppa sine vurderingar. Føresette kan møta i gruppa. Alder og modning avgjer om også barnet kan møta.
Dersom du ønskjer kontakt med ressursgruppa, kan du ta kontakt med barnehagen eller andre som er med i gruppa.