Årsplan for 2023-2024
1 Velkommen til Bjorhaug barnehage
Bjorhaug barnehage starta opp 18. mai 2009 i Gudmestadvegen 24. Barnehagen ligg sentralt til på Nærbø. Barnehagen har lyse lokalar og eit variert uteområde. Barnehagen ligg i gangavstand til blant anna Jernbaneskogen, Bø skule, Motland skule, Loen, biblioteket og Jærmuseet. Me nytter nærmiljøet aktivt, slik at barna kan verta kjent med området me bur i. Barnehagen ligg landleg til med gard som næraste nabo. Rett utanfor gjerdet går det hestar og sauer, noko som er til stor glede for både små og store i barnehagen.
Bjorhaug barnehage har tre avdelingar: Topphaugen som ligg i øvste etasje. Haugen og Litlehaugen desse avdelingane ligg i fyrste etasje .
1.1 Barnehagens visjon
Visjonen til Bjorhaug ligg som eit overordna mål for arbeidet vårt saman med lov om barnehagar, Rammeplanen og Kvalitetsplan for barnehagar. Bjorhaug barnehage sin visjon er:
"Me ser den enkelte og heie på fellesskapet"
Visjonen til Bjorhaug ligg som eit overordna mål for arbeidet vårt saman med lov om barnehagar, Rammeplanen og Kvalitetsplan for barnehagar.
Rammeplanen 2017 er klar på korleis me vaksne i barnehagen skal møta barna. Dei skal møtast som eit enkelt individ. Personalet i Bjorhaug skal medverke til at kvart enkelt barn sin individualitet og behov for å få realisera seg sjølve kan skje i tryggleik og innanfor fellesskapet sine normer og regler. Kvart einskild barn skal verta sett og høyrt, danne gode relasjonar, møtast med omsorg og ha ein primærkontakt. Alle barn skal oppleva humor, glede, spenning og engasjement gjennom leik- aleine og saman med andre. Barnehagen sitt innhald skal vere variert og tilpassa det enkelte barn og barnegruppa. Me i Bjorhaug arbeidar for å sjå det enkelte barn, å møte dei med respekt og anerkjenning, samtidig som me vi heier på fellesskapet. Bjorhaug barnehage skal være ein arena der alle barn skal erfare at dei betyr noko for fellesskapet. Me arbeider for at barna skal oppleve å være i positive samspel med barn og vaksne. Me skal legge til rette for utvikling av vennskap og sosialt fellesskap. Rammeplanen legg vekt på å støtte barna i sitt møte med omverda å leggja grunnlag for deltaking i eit demokratisk fellesskap. I Bjorhaug arbeidar me på fleire måtar med å kjenne på følelsen av å vere ein del av eit fellesskap, det å kjenne eit samhald. Me har fellessamlingar og fellesturar. Gode felles opplevingar kan skape inspirasjon til nye leiketema og utvida leikerepertoar, og sjølvsagt for gode samtalar og språkutvikling for barna.
1.2 Barnehage med fokus på relasjonar
«Barnehagen skal aktivt legge til rette for omsorgsfulle relasjonar mellom barna og personalet og mellom barna, som grunnlag for trivsel, glede og meistring» (Kunnskapsdepartementet, 2017, s. 8).
Bjorhaug barnehage har fokus på relasjonar mellom barn- barn og vaksne - barn. Me har arbeidd med vaksenrollen over fleire år. Me har fokus på at det er den vaksne som har ansvar for relasjonen. Med gode trygge relasjonar får barna ein god kvardag i barnehagen.
Me arbeider utifrå COS ( Circle of Security), som er eit verktøy for å styrkje relasjonar og tilknyting. Ynskjer du å vite meir om dette opplegget kan du besøke nettstaden: circleofsecurityinternational.com eller ta kontakt med barnehagen.
Relasjonskrysset er og eit verktøy Bjorhaug barnehage brukar for å styrkje relasjonar og ha fokus på vår rolle som vaksen i forhold til barnet. Elles har me grupper både på tvers av alder og på tvers av avdelingar.
1.2.1 Sosial og emosjonell kompetanse "steg for steg"
Dette er eit program Bjorhaug nyttar for utvikling av barns sosiale kompetanse. Steg for Steg tek føre seg tre hovudområde: empati, problemløysing og meistring av sinne. Målsettinga er å auke barna sin sosiale kompetanse.
1.2.2 Tilvenning
Tilvenning av nye barn i barnhagen startar tidleg i Bjorhaug barnehage. Me byrjar med foreldremøte rett etter opptaket er ferdig, deretter inviterer me dei einskilde barna til eigne besøk nokre dagar i april. På denne måten kan me danne gode relasjonar allereie før barna byrjar i barnehagen.
1.2.3 B-gjengen, oppdagarferd og Bjorhaugråd
For dei eldste barna startar B-gjengen opp i slutten av august. Eit eige skriv om planar for kva B-gjengen gjer kjem på nettsida før barnehageåret startar. Me skal på Jærmuseet annakvar fredag og der skal me få vera med på mange kjekke opplegg. Målet med desse turane er å oppdaga, styrkje tilknytinga til nærmiljøet, og å gje barna gode felles opplevingar.
Ein gong i månaden har me oppdagarferd. Då tar me for ulike ting som landart, mengde, berekraftig utvikling, avstand, former, forteljingar, bokstavjakt og undring. Opplegget rundt desse turane kan variere frå gong til gong, og i år har me fått kjøpt oss syklar der me kan sykle av gårde og få et breiare turspekter enn før.
Bjorhaugrådet er ein del av opplegget rundt dei eldste barna som skal byrja på skulen. Borna får innkalling til møtet med saksliste og me tar for oss viktige tema som inkludering, vennskap, leik og aktivitetar. Gjennom Bjorhaugrådet ynskjer me at barna skal få innsikt i, og erfaring med å vere deltakande i eit demokratisk samfunn. Alle sine stemmer skal bli høyrde, og borna får erfare turtaking og vera lydhøyre for andre sine innspel. I tillegg gjer dei erfaringar med at deira val og handlingar påverkar situasjonar for seg sjølv og andre. Dei vert valt inn i komitear saman med dei vaksne, og vil dermed ha ein reell påverknad i forskjellige opplegg. Eksempel på ein komité kan vera karneval. Då skal borna få vera med å planleggje kva som skal skje på karneval og får gjerne ein oppgåve på sjølve dagen. Tidlegare år har me fått komme på besøk til ordførar og sjå i kommunestyresalen, og dette håper me å få til i år.
Frå februar/mars er det tilpassa skulestart, og de foreldre/føresette får informasjon etter kvart frå den skulen barnet skal starte på. Det vert samling ca. ein gong i månaden saman med dei andre som skal starte i første klasse på same skule. Her pleier barna få kvar si mappe med namnet sitt på, som inneheld ulike skuleførebuande aktivitetar.
Me har ein handlingsplan mot mobbing, denne finn de på heimesida. Her finn det og ein link til nettsida «tryggbarnehage.no» som er ein nettstad der føresette og me som personale kan finne framgangsmåtar og tips dersom me opplev mobbing i barnehagen. Me oppmodar føresette til å ta kontakt med barnehagen om de opplever at barnet ikkje trivest i barnehagen. Me vil gjerne hjelpe til, leggje til rette, og arbeide for at barnet skal få eit godt psykososialt miljø i barnehagen.
1.2.4 Gledesspreiarane
Gledesspreiarane er eit prosjekt me starta med i Bjorhaug barnehage, barnehageåret 2017/2018. Prosjektet favner om 4 åringene i barnehagen. For barnehageåret 2023/2024 vert dette barna som er født i 2017. Målet er at me skal skape ei trygg og inkluderande gruppe med 4 åringar. Me skal starta med vår eigen barnehage og etter kvart venda nasen ut mot nærmiljø og samfunn. Me ynskjer å gleda dei som er rundt oss.
Me håpar og trur at dette prosjektet vil gjera barna kjende med seg sjølve og omverda, samt at me kan danna gode og sterke relasjonar innanfor og utanfor barnehagen. At det vil skapa forståing for andre sine situasjonar og sjå seg sjølve og si rolle i samspel med andre. Detaljert plan for dette opplegget året vil bli delt.
1.3 Tema eventyr
Eventyr har ei spesiell evne til å begeistre, røre ved og koma inn på barn – i iallfall når dei blir fortalt på ein god måte, Opplevinga, gleda og spenninga ved å bli lest for er viktig i seg sjølv. Eventyr skapar identitet og kulturell tilknyting. Eventyr kan gje barn tilgang til vanskelege følelsar og tema. Desse fortellingane tilbyr samtidig barn verktøy som kan hjelpe dei å handtere det vanskelege. De representerer også livsmot og håp, ved at de ender godt og viser at vanskelege ting kan overvinnast sjølv om ein er liten og i ein underlegen posisjon. Bare tenk på Askeladden, som alltid er minst og blir haldt utanfor – det er han det går bra med til slutt, nettopp fordi han er nysgjerrig, oppfinnsam, modig, og hjelper dei som er i nød og deler den litle maten han har. Psykologen Bruno Bettelheim (1903-1990) hevda at barnets evne til empati utviklast gjennom identifikasjon med eventyrheltene, fordi det dannast mønstre for medkjensle og mot.
Mål:
• Gi barna erfaring med ulike eventyr.
• Lage eventyr i naturen, og bruke naturen som materiale.
• Vidareformidla kulturarven
• Gje barna innføring i forteljar tradisjonar
• Inspirere det kreative i barna, (dikting, dramatisering, leik, skaperglede og undring)
• Språkstimulering
• Etikk, religion og filosofi
1.4 På reise med min koffert
Som eit ledd i arbeidet med visjonen og tema starta me hausten 2019 opp med eit nytt og spanande arbeidsreiskap: «På reise med min koffert». Målet med metoden er at alle barna skal kjenna seg viktige i fellesskapet og å synleggjera mangfaldet i barnehagen. Alle barn som byrjar i Bjorhaug barnehage får ved oppstart kvar sin koffert som kan dekorerast og fyllast med ting som har ein betydning for barnet. Barna vel sjølve kva dei vil leggja oppi denne. Koffertane skal stå synlege på avdelinga og vil i første omgang brukast i samtalar og samling. Sjølv om barna får kofferten når dei startar på Litlehaugen, vil den verta brukt mest når dei vert litt eldre, og byrjar på Haugen og Topphaugen.