3 Fokusområde frå Kvalitetsplan i barnehagen
Kvalitetsplan for barnehage er ein plan som skal gje retning for arbeidet som dreier seg om kvalitet og innhald i det pedagogiske arbeidet. Planen skal bidra til å synleggjere kommunen si målsetning om:
- Å gje barna ein god barndom
- At alle barn i barnehagen opplever læring og meistring kvar dag.
Godt språkmiljø for alle barn er satsingsområdet for alle barnehagar i Hå kommune dette året.
Barnehagen er ein sentral arena for utvikling av språk, kultur og identitet. Språket er ein føresetnad for utvikling av vennskap og deltaking i fellesskapet. Barn si språkutvikling heng nøye saman med kvaliteten av det språkmiljøet dei er ein del av. Eit rikt språkmiljø byggjer på kompetente tilsette som forstår barna sine ulike uttrykksmønster, som kan gje støtte og utfordre barna til vidare utvikling. Språket som kommunikasjonsmiddel er eit reiskap for tenking og uttrykk for eigne tankar og følelsar.
Barnehagen skal ha kompetanse på å observere, dokumentere og vurdere språkmiljøet til det enkelte barn og til barnegruppa.
Prosessmål
- Ha kompetanse på ikkje-verbal kommunikasjon i møte med dei yngste barna.
- Ha kompetanse på å vere god samtalestøtte for barn.
- Ha kompetanse på barn si språkutvikling og systematisk bruk av ASK til alle barn.