DØDEN ER INGEN PRIVATSAK

Maria Aano Reme
Atle Berge
Tor Einar Fagerland

Dato
18. september 2020
Tid
19:00 - 21:30
Stad
Hå gamle prestegard

Hå gamle prestegard i samarbeid med Kapittel 2020

Kjøp billett:

27. mars 2020 er det 40 år sia Alexander L. Kielland-plattformen velta i Nordsjøen. Dette er den verste ulukka på norsk sokkel i Nordsjøen etter 2. verdskrig. Mange familiar opplevde å miste ektefelle, foreldre, slekt og venner i ulukka.

I samarbeid med Kapittel 2020 inviterer Hå gamle prestegard til ein temakveld om korleis ungdommar opplevar det når ulukka rammer. 

ROLF OG JEG
Opplesing ved Maria Aano Reme
Maria Aano Reme var ikkje fødd då Alexander L. Kielland-plattforma velta. Om bord var onkelen henner Rolf. Han omkom i ulukka.
Sjølv om Maria aldri traff onkelen så har han likevel alltid vore levande til stades i livet hennar. Ho har skrive artikkelen Rolf og jeg i boka Råolje. Alexander L. Kielland ulykken. Ringene i vannet. Boka kjem ut som Hele Rogaland-leser boka i 2020 under tittelen Plattformen som ikke kunne velte. Denne kvelden les ho frå artikkelen.  

PUSLINGER
Bokbad med forfattar Atle Berge i samtale med Else Tungland.
Atle Berge er forfattar av boka Puslingar som kom ut på Samlaget forlag i 2019. 
Om boka: Året er 1980. I Nordsjøen har bustad- plattforma Alexander L. Kielland kantra, og heime i Nordhordland sit familien til oljearbeidaren Jonny og ventar på at telefonen skal ringje. Vi følgjer tenåringsjenta Marita vidare i livet, gjennom forelsking og opprør og i draumen om å bli oljeingeniør. Med seg har ho eit brennande ønske om å finne svar på kva som gjorde at Kielland velta.
Atle Berge fekk LOs første pris for arbeidarlitteratur for romanen Puslingar i haust. 

HVORDAN SNAKKE OM NASJONALE KATASTROFER?
Foredrag med Tor Einar Fagerland
Alexander Kielland-ulykken 27. mars 1980 og Terrorangrepene 22. juli 2011.
Kva skjer når krisa rammar i miljøet rundt oss? Korleis skal vi som samfunn og som ansvarlege samfunnsborgarar forhalda oss til nasjonale katastrofar? 
Fagerland er førsteamanuensis i historie ved NTNU og har, saman med arkitekt Atle Aas, hatt ansvar for etableringa av 22. juli-senteret i regjeringskvartalet i Oslo. Han har og bistått AUF og den nasjonale støttegruppa for 22. juli i arbeidet på Utøya. 

Kr 250 inkl. inngang til utstillingane og kveldsmat. Kr 50 med Kapittel festivalpass. 
Utstillingane er opne før foredraga frå kl. 18. 
Sal av mineralvatn, øl og vin. 

Utstillingsprosjektet om Alexander L. Kielland-ulukka på Hå gamle prestegard i sommar var støtta av Norsk Kulturråd, Fritt Ord, Rogaland Fylkeskommune og Kielland-nettverket.

Arrangør

Hå gamle prestegard