KERAMIKKVERKSTAD FOR BARN - FULLT

med keramiker
Anne-Marit Opstad

Dato
8. august 2021
Tid
12:30 - 16:30
Stad
Hå gamle prestegard

KURSET ER FULLT. 

Lær korleis ein lagar krukker og andre former i keramikk. 
Kom til ferdig elta leire, lær å sentrere leira og dreie. Etterpå kan vi fotografera skålene du har dreia slik kan du ta vare på minnene.

Dette kan du bli med på denne dagen på Hå gamle prestegard saman med keramikar Anne-Marit Opstad.
Det er to grupper med 4 barn i kvar gruppe. Oppgi kva tidspunkt de ynskjer, samt alder på barna og eit mobilnummer ved påmelding. 

Kl. 12.30 - 14.00
Kl. 14.30 - 16.00

Anne-Marit har keramikkverkstedet Vind Keramikk på Nærbø. I tillegg har ho drive kulturskule-kurs i ei årrekkje.
Mykje av inspirasjonen sin hentar ho frå Japan.
Anne-Marit har utstilling på Sandnes kunstforening frå 6. - 27. juni og på Fotland Mølle i sommar.  

For barn frå 3. til 10. klassetrinn.
Før eller etter verkstedet kan du sjå utstillinga MINDRE ENN 0,002 MM, som har kunstverk i keramikk i mange fantastiske former.  

Påmelding: post.hgp@ha.kommune.no eller telefon 51791660
Arrangementet er gratis. 

I samarbeid med Ung sommer i Hå kommune


 

Arrangør

Hå gamle prestegard