3 Utviklingsområder frå Kvalitetsplan for barnehage 2021-2024
Gjennomgåande i planen er fokuset på kompetanseutvikling hjå personalet i barnehagen. Kompetansen skal ut i alle ledd og nå heile personalet. Kompetanse, haldningar og verdiar må vise igjen i dei tilsette sine handlingar i møte med barn.
Utviklingsområde for barnehageåret 2023-24 er «Godt språkmiljø for alle barn». Språket er ein føresetnad for utvikling av venskap og deltaking i fellesskapet. Barn si språkutvikling heng nøye saman med kvaliteten av det språkmiljøet dei er ein del av. Eit rikt språkmiljø bygger på kompetente tilsette som forstår barna sine ulike uttrykksmønster, som kan gje støtte og utfordre barna til vidare utvikling.
«Barnehagen skal være bevisst på at kommunikasjon og språk påvirker og påvirkes av alle sider ved barnets utvikling. Alle barn skal få god språkstimulering gjennom barnehagehverdagen, og alle barn skal få delta i aktiviteter som fremmer kommunikasjon og en helhetlig språkutvikling.»
(Rammeplanen s. 23)
I Vibereiret barnehage skal me vaksne: