Me kjem til å sykle på nokon av turane for å utvide turområdet og bli kjent med nye deler av Jæren. Me vil og ha fokus på å ta ungane med på matlaging på turane. På denne måten kan dei verte kjent med kropp, helse og sunn ernæring. Me har opplegg fordelt på 8 gonger og målet er å vere innom dei ulike fagområda i rammeplanen og gje barna ein god overgang til skulen.
I tillegg til dei 8 opplegga går me til Jærmuseet annakvar fredag. Der skal me få vera med på varierte og spanande opplegg med dei tilsette der borte. Me skal og ha Bjorhaugråd ein gong i månaden. Då får dei vera med å bestemme og ytre ynskjer for kva barnehagedagane skal innebera. Tidlegare har B-gjengen vore trivselsagentar. Dette går inn i dette rådet og me tek det vidare inn i samlingane i det daglege.
Hovudmål:
«I barnehagen skal barna oppleva eit stimulerande miljø som støttar opp om lysta til å leike, utforske, lære og meistre. Barnehagen skal introdusere nye situasjonar, tema, fenomen, materiale og reiskapar som bidrar til meiningsfullt samhandling. Nysgjerrigheit, kreativitet og vitelyst skal anerkjennast, stimulerast og leggast til grunn for læringsprosessane. Barna skal få undersøkje, oppdage og forstå samanhengar, utvide perspektiv og få ny innsikt. Barna skal få bruke heile kroppen og alle sansar i læringsprosessane sine. Barnehagen skal bidra til læringsfellesskap der barna skal få bidra i eiga og andre si læring»
(Rammeplanen, 2017, s.22).
Konkret for B-gjengen:
- Undring og utforsking.
- Læring gjennom kroppsleg meistring og sansane.
- Naturen som læringsarena.
- Delta i eit demokratisk fellesskap.
- Bidra i eigen og andre si læring gjennom å utvide perspektiv og få ny innsikt.
Innhald:
Samling:
|
Dato:
|
Tema:
|
1.
|
September
|
Oppdagingsferd
Landart
|
2.
|
Oktober
|
Oppdagingsferd
Mengde
|
3.
|
November
|
Oppdagingsferd
Berekraftig utvikling
|
4.
|
Januar
|
Oppdagingsferd
Avstand
|
5.
|
Februar
|
Oppdagingsferd
Former
|
6.
|
Mars
|
Oppdagingsferd
forteljingar
|
7.
|
April
|
Oppdagingsferd
Bokstavjakt
|
8.
|
Mai
|
Oppdagingsferd
Undring
|
- Oppdagingsferd landart: Finne ulike gjenstandar i naturen som kan danne eit bilete. Skaper undring rundt det å skape noko og fantasere over kva betydning gjenstandane har.
- Oppdagingsferd mengde: Kjenner på tyngde, undras saman, finner ulike ting i naturen til å veie. Vekt vert lånt på Jærmuseet.
- Oppdagingsferd berekraftig utvikling: Ut i naturen å sjå om det er noko som ikkje høyrer til der, ta dette med opp til pytten, gjenvinning som tema.
- Oppdagingsferd Avstand: Måle avstandar ute. Først tippe, så måle. Lange og korte avstandar. Målehjul vert lånt på kommunehuset.
- Oppdagingsferd Former: Me går på leit etter ulike former i naturen. Me samtaler og undrar oss over formene. Skattekart med dei ulike formene for å skape spenning i leitinga.
- Oppdagingsferd forteljingar: Me finn ting i naturen som me lager forteljing av, forteljinga kjem til etterkvart som me går. Barna deltar aktivt, vaksen er «forfattar» og skriv ned forteljinga.
- Oppdagingsferd Bokstav: Kvifor nokre bokstavar finn me i nærmiljøet, butikken eller biblioteket?! Kan me finne vår eigen? Kan me finne nokre andre sine? Me teiknar bokstavar i ulike material.
- Oppdagingsferd Undring: Kva skjer i naturen og kvifor? Eks. fotosyntese, insekt ol. Utstyr vert lånt på Jærmuseet.