Søk om å bruka kommunalt areal

Både bedrifter og privatpersonar kan søka om å bruka kommunalt areal i Hå kommune.

Når må du søka om å bruka areal?

Du må søka om å bruka areal av kommunen viss du på offentleg grunn skal ha:

  • arrangement
  • konsert/festival
  • demonstrasjon/markering
  • løp eller ritt
  • filminnspeling/fotografering
  • uteservering
  • vareutstilling/stand
  • salsplass
  • Anna bruk av kommunal veg eller areal

Send inn søknad

Kva må du legga ved søknaden?

Du må legga ved eit kart eller ei skisse der du har markert ønska areal. Andre vedlegg til søknaden varierer frå kor du skal vera og kva du skal bruka arealet til.

Når får du svar?

Alle søknadar blir behandla så fort som mogleg. 

Ved store arrangement 

  • Planlegg du eit arrangement i eit bygg eller på eit område som normalt ikkje blir brukt til slike tilstellingar, må du  senda ei melding til brannvesenet.
  • Send søknad til politiet dersom arrangementet har eit omfang som åpenbart medfører behov for betydelege reguleringar av ferdsel eller vakthald.

Alkoholservering

Skal du skjenka alkohol på arrangementet, må du hugsa å søka om skjenkeløyve.

Arrangement langs fylkesveg eller riksveg

Her finn du meir informasjon om korleis du går fram dersom du skal ha arrangement på eller langs fylkes-/riksveg.