Du må søka om skjenkeløyve til arrangementet ditt dersom:
- du leiger lokale, tek betalt for alkohol, eller viss lokalet kun har serveringsløyve.
- du skal servera alkohol i eit lukka selskap som for eksempel bryllup, jubileum eller interne arrangement i firma.
- du skal ha arrangement som er ope for publikum, i lokale utan skjenkeløyve eller utandørs på eit avgrensa område.
Søk om å skjenka alkohol på arrangement
Unntak
- Du treng ikkje løyve for private selskap der du har med alkoholen sjølv, viss den som leiger ut lokalet ikkje har noko med mat og drikke, utvask osv å gjera.
- Du treng ikkje søka løyve viss det er tilsette som nyttar arbeidsgivar sine lokale til arrangement.