Sal av alkohol

Butikkar som skal selja alkohol, må søka om salsløyve.

Slik får du salsløyve

  • Dersom du har det økonomiske ansvaret for butikkdrifta, kan du søka om løyve.
  • Styrar og vara må ha bestått kunnskapsprøven, vera over 20 år, og arbeida i den aktuelle butikken.
  • Det er krav om uklanderleg vandel etter alkohollova. Me henter inn uttale på vandel frå politi og Skatteetaten.
  • Salsløyve gjeld for drikke med maksimalt 4,7 % alkohol. 
  • Bensinstasjonar og kioskar kan ikkje få salsløyve.

Du kan få løyve for fire år om gongen, og det er gyldig til 30. september året etter at det er sett nytt kommunestyre. 

Søk om salsløyve

  • Saksbehandlingstid

    Det er utval for helse- og sosialsaker som gir faste salsløyve. Derfor er tida for behandling av søknadane avhengig av datoar for politiske møte. Saksbehandlingstida kan dermed vera opp til fire månadar.

    Desse dokumenta skal følga søknaden:

    • Teikningar av salsstaden i A4-format. Salsarealet skal vera skravert.
    • Kopi av leigekontrakt/ framleigekontrakt.
    • Kunnskapsprøve i Alkohollova for styrar og vara.
    • Ei stadfesting på at dei tilsette er innmeldt i arbeidstakarregisteret, og at dei har lovlege arbeidskontraktar.