Alkoholpolitiske retningslinjer 2024-2028

6 Kontroll, reaksjon og gebyr

  • Skjenkekontrollen IKS utfører kontrollar etter alkohollova for Hå kommune. 
  • Reglane om prikktildeling og inndraging av løyve følger nasjonale føringar og lovverk. 
  • Dersom løyvehavar vert tildelt til saman 12 prikkar i løpet av to år, skal løyvet inndras ei veke. 
  • Vert det fleire enn 12 prikkar i toårsperioden, vert inndraginga forlenga jamfør alkoholforskrifta § 10-2. 
  • Toårsperioden gjeld uavhengig av om løyvet vert fornya.

Gebyr

  • Gebyret for løyve til skjenking ved enkeltarrangement og ambulerande løyve, vert bestemt årleg av kommunestyret. Satsane er i samsvar med reglane for alkoholforskrifta § 6-2.
  • Skjenke- og salsstadene med faste løyve betaler eit årleg gebyr knytta til kor mykje alkohol dei har omsett i løpet av året. 
  • Dei som får sals- og skjenkeløyve pliktar å gi kommunen ein årleg oversikt over omsetnad og reviderte rekneskapstal. Fristen for dette er som regel i mai, og blir meldt på nettsida til Hå kommune.