Alkoholpolitiske retningslinjer 2024-2028

12 Ambulerande løyve

Alkohol gruppe 1, 2 og 3

Hå kommune kan tildela fire ambulerande løyve samstundes til lukka selskap. 

Kva er eit lukka selskap? 

  • I utgangspunktet tenkt brukt ved for eksempel bryllaup, fødselsdagar og andre arrangement med eit bestemt formål, der gjestene er personleg invitert. 
  • Det hadde vore naturleg om arrangementet hadde vore halde heime, men på grunn av plassmangel leiger du eit lokale. 
  • Alle gjestene har ei tilknytning til den eller dei som inviterer til selskapet. 
  • Arrangementet kan ikkje vera annonsert i media, på plakatar eller via sosiale media. 

Søknadsfrist: Tre veker før arrangementet. 

Du må søka om skjenkeløyve til arrangementet ditt dersom: 

  • Du tek betalt for alkohol på arrangementet (direkte eller indirekte). 
  • Utleigar står for ein større del av arrangementet enn å leiga ut lokala, for eksempel utvask eller matservering. 
  • Arrangementslokalet har løyve for matservering.

Ambulerande skjenkeløyve vert ikkje gitt til:

  • "Veners-venersfest". 
  • Arrangement som inkluderer vener til laget sine medlemmar. 
  • Arrangement der personar som ikkje er knytt til arrangør kan melda seg etter kunngjering. 
  • Ungdomsarrangement der aldersgruppa er under 20 år. 

Kjem arrangementet ditt inn under dei tre siste kategoriane, (og dermed ikkje er eit lukka selskap) bør du søka om skjenkeløyve til eit ope arrangement.