Sensor- og varslingsteknologi (Digitalt tilsyn)

Sensor- og varslingsteknologi gjer at du får hjelp på grunn av ulike sensorar som varsler om noko skjer med deg. 

  • Sensorane er ofte knytta til tryggleiksalarmen og kan vera til dømes døralarm, fallalarm eller GPS-klokke. 
  • Målet er å gjera deg trygg nok til å klare deg sjølv heime. 
  • Sensorane kan bidra til at du og dine pårørande kan føla dykk trygge. 

Kven kan få sensor- og varslingsteknologi? 

  • Alle som bur heime i Hå kommune og som treng ekstra tryggleik på grunn av sjukdom eller funksjonsnedsetting. 
  • Du må kunne forstå og bruke sensorane etter opplæring. 
  • Sensorane skal hjelpe deg å meistra kvardagen og førebygga behova for meir omfattande tenester.
  • Heimetenesten vurderer behovet ditt etter søknad. 

Søknadsskjema

Tenesta er gratis. 

  • Før sensorane kan tas i bruk, treng kommunen eit skriftleg samtykke frå deg. 
  • Dersom sensoren er tilknytta tryggleiksalarm, må du samtykka til montering av nøkkelboks og utlevering av husnøkkel.