Heimesjukepleie

Heimesjukepleie gir deg hjelp og rettleiing heime. Målet er å hjelpe deg å halde oppe eller forbetre funksjonsnivået ditt, slik at du kan bu heime lengst mogleg.

  • Heimesjukepleie kan vera:

    • personleg stell og pleie
    • rettleiing om ernæring
    • sjukepleieprosedyrar og sårstell som ikkje kan gjerast på legekontor
    • medisinhandtering
    • pleie og omsorg ved livets slutt

Kven kan få heimesjukepleie?

  • Du må bu i Hå kommune og bu heime.
  • Du må trenga hjelp på grunn av sjukdom eller nedsett funksjonsevne.
  • Me ser på dine behov og kva du klarer sjølv.
  • Me gir opplæring når det er nyttig.

Kva får du ikkje hjelp til?

  • Transport og følgje til legetimar og liknande.
  • Hjelp som du kan få på legekontoret.
  • Tøying, massasje og liknande.

Treng du hjelp med å gjera reint, kan du søka om heimehjelp. Dette er ein betalingstjeneste.