Brukarstyrt personleg assistanse

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er ei ordning der du får hjelp til praktiske oppgåver og opplæring både heime og utanfor heimen.

  • Målet med ein brukarstyrt personleg assistent er at du skal få eit mest mogleg uavhengig liv. 

    Du kan få hjelp til ting som å handtera daglege oppgåver, ta vare på helsa di og delta i aktivitetar.

Kven kan søka om BPA? 

  • Alle under 67 år med eit stort og langvarig behov for personleg assistanse. Behovet for hjelp må i hovudsak utgjera minst 32 timar i veka. 
  • Du kan vera arbeidsleiar sjølv eller har nokon nære som kan vera medarbeidsleiar.
  • BPA kan òg vera avlastande for føresette med krevjande omsorgsoppgåver for barn under 18 år. 

Søknadsskjema

Viktig informasjon 

  • Hå kommune er arbeidsgivar for tilsette assistentar i BPA-ordningar.
  • Tenestemottakar deltek i tilsetting, lager arbeidsplanar og sikrer timelister i samråd med kommunen.
  • Tenesta er gratis, men det kan vera eigenandel om du søker om praktisk bistand. 
  • Du får ikkje BPA dersom det fører til vesentleg auka kostnadar for kommunen, eller om du treng meir enn éin tenesteytar til stades eller natt-tenester utan kontinuerleg behov.