- Du kan få tilsyn før og etter skulen, og i deler av skulen sine ferie- og fridagar dersom du har ein funksjonsnedsetting.
- Tilbodet er delt inn i to tenester: SFOu for ungdomsskuleelevar og SFA for elevar på vidaregåande skule.
- SFA blir gitt ved Skjeraberget avlastningsbustad på Nærbø.
Kven kan søka?
- Foreldre eller føresette til ungdom som går på ungdomsskule eller vidaregåande skule.
- Ungdommen må ha ein funksjonsnedsetting som gjer at dei treng tilsyn.
- Ungdommen må bu i Hå kommune og ha behov for tilsyn.
- Målet er at foreldra kan få hjelp slik at dei sjølv kan vera i jobb.
Søk om tilsynstilbod (SFA/SFOu) (PDF, 497 kB)
Tenesta er gratis, men det kan bli tatt betaling for mat.