Privat avlastingPrivat avlastning er ei teneste der andre overtek omsorgsoppgåver for deg, anten timebasert eller døgnbasert. Målet er at dei som vanlegvis tek vare på deg, skal få ein pause frå det tunge omsorgsarbeidet. Kven kan få privat avlastning? Pårørande som har særleg tyngande omsorgsarbeid kan søka. Den som treng omsorg, må bu i Hå kommune og saman med omsorgsytaren. Personen må ha omfattande nedsette funksjonsevner og eit særleg hjelpebehov. Ved delt omsorg, må avlastningsbehovet vurderast opp mot den tida barnet er hos den andre omsorgsytaren.Søk om privat avlastning Avlastninga kan skje i heimen til den private avlastaren eller i din eigen heim. Kommunen gjer ei individuell vurdering i kvar enkelt sak.Tenesta er gratis. Kva får du ikkje hjelp til? Du får ikkje privat avlastning dersom det ordinære tenestetilbodet, som barnehage eller andre kommunale tenester, er tilstrekkeleg. Avlastninga skal ikkje innehalda mykje nattarbeid med mange avbrot i nattesøvn. Sist endra 16.09.2025 13.30