Bustønad og startlånDesse tenestene søker du om på Husbankens nettsider. Bustønad er ei behovsprøvd statleg økonomisk støtteordning. Om du har høge buutgifter og låg inntekt kan du ha rett på bustønad. Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtak, men det er kommunen som behandlar søknaden og har all kontakt med deg som søkjar.Les meir og søk bustønad på Husbankens nettsider Startlån kan vera ein mogleg inngang til bustadmarknaden for husstandar som ikkje får tilstrekkeleg bustadlån i annan bank, eller som har vanskar med å bli buande i bustaden sin.Kommunestyret i Hå har vedtatt eigne utlånsreglar for tildeling av startlån: Trykk her for å lese desse (PDF, 113 kB)Les meir og søk startlån på Husbankens nettsider Sist endra 17.09.2025 10.26