Bustad

Om du har vanskar med å skaffa deg ein bustad eller du står i fare for å miste den,  kan du få hjelp frå kommunen.

Du treng ikkje søkja om hjelp viss det held med ein kort telefonsamtale, eller viss det finst andre tilbod i kommunen som kan hjelpe deg. Hjelpa du kan få, blir tilpassa deg og det du treng. Det kan vera råd, rettleiing eller annan støtte. 

Kommunal bustad


Om du ikkje har ein eigna stad å bu, og ikkje klarer å skaffa bustad sjølv, kan du søka om å få leiga bustad frå kommunen.

Søknadskjema (PDF, 294 kB)

Dette må du legge ved søknaden: 

  • Likning frå siste år  
  • Lønnslipp eller oversikt over trygd
  • Leigekontrakt og eventuell oppseiing
  • Bekrefting på barnebidrag, om det gjeld deg

Desse vert prioritert:

  • Foreldre eller åleineforeldre med barn som bur der minst halvparten av tida
  • Personar som slit med rus, psykisk helse eller store sosiale utfordringar
  • Personar med funksjonsnedsetting
  • Personar som lenge har hatt problem med å få bustad
  • Personar som er omfatta av avtalar kommunen har med andre instansar

Du må betale husleige, denne blir bestemt av kommunestyret. Du må også betala for straum, innbuforsikring og andre vanlege utgifter i ein heim.