Lindring- og kreftteamLindring- og kreftteam er eit tilbod til deg som er alvorleg og uhelbredeleg sjuk, eller har ein kreftsjukdom. Me gir også oppfølging til deg som er i pakkeforløp heim for pasientar med kreft.Teamet består av tre sjukepleiarar med vidareutdanning innan palliasjon og kreftsjukepleie. Lindring- og kreftteam jobbar for å støtta deg og pårørande i ein vanskeleg livssituasjon. Me kartlegg behova dine og ønska dine, og kjem fram til eit tenestetilbod i samarbeid med deg og dei pårørande dine. Lindring- og kreftteam er i staden for, eller eit supplement til heimesjukepleie. Kontaktinformasjon:Stine OlsethTelefon: 91 00 03 86Send e-post Kva kan lindring- og kreftteam hjelpa med?Kartlegga dine og pårørande sine ønske og behovStøttesamtalar til pasient og pårørandeGje råd om symptomlindringGje råd om ernæring og kosthaldAvklara kor du kan ringa til ei kvar tid, dersom du har behov for hjelpFinna og informera om kva rettar du/de harKoordinera dei tenestane du/de har behov forBidra til å oppretthalda kontakt med fastlege, sjukehus og eventuelt andrePraktisk hjelp, stell og pleie etter behovKorleis får eg kontakt med lindring- og kreftteam?Du eller pårørande kan sjølv ringe kontaktpersonen, eller du kan få fastlegen din til å formidla kontakt. Kontaktperson: Stine OlsethTelefon: 91 00 03 86Kva er lindrande senger på sjukeheimen?Det er 2 rom som er spesielt tilrettelagde for deg med livstruande sjukdom, og dine pårørande. Lindring- og kreftteamet samarbeider tett med avdelinga på sjukeheimen der desse sengene er. Avdelinga har kvalifisert personal med mykje erfaring.Sengene vert nytta når du har behov for symptomlindring, avlastning, behandling og inn mot slutten på livet.Kva hjelp kan ein få dersom ein ynskjer å dø heime?Pårørande kan få støtte slik at ein kan vera heime med den døyande i inntil 60 dagar (pleiepengar).Hjelp til medisinske spørsmål, stell og pleie kan du få av lindring- og kreftteam og/eller personal i heimesjukepleien.Du kan låna praktiske hjelpemiddel som seng, personløftar, dostol og liknande av kommunen.Tilsette i lindring- og kreftteam kan og avlasta pårørande i periodar gjennom å vera i heimen over tid. Sist endra 24.07.2025 10.41