Kortidsopphald rehabiliteringKorttidsopphald rehabilitering er eit tidsavgrensa opphald i ei institusjon, der du får oppfølging og tilsyn heile døgnet. Målet er at du skal meistre kvardagen betre. Tenensta vert som hovudsak gitt som eit enkelt opphald. I særskilde tilfelle kan det verte gitt som eit rullerande tilbod. Tenesta vert ikkje gitt dersom du kan få tilstrekkeleg rehabilitering gjennom andre tilbod. Kven kan få korttidsopphald rehabilitering? Du må bu i kommunenDu har funksjonsnedsetting eller kronisk sjukdom og treng rehabilieringDu treng hjelp frå fleire ulike tenester Søknadsskjema Eigenandel:Du må betale eigenandel for opphaldet. Etter 60 dagar vert det rekna som langtidsopphald, og då gjeld reglane for vederlagsbetaling etter forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester Sist endra 17.09.2025 10.24