ErgoterapiHar du utfordringar med å klara kvardagslege ting som å kle på deg, laga mat eller koma deg ut av huset? Då kan du få hjelp av ein ergoterapeut i kommunen.Slik får du hjelpFyll ut søknadsskjemaSend skjemaet i posten til Ergoterapitenesta i Hå, Rådhusgata 8, 4360 Varhaug.Ikkje send sensitive opplysningar på e-post.Kva får du hjelp til?Ergoterapeuten hjelper deg med å:Meistra daglege gjeremål heime, på jobb eller skuleFinna gode løysingar og hjelpemiddelTilpassa heimen dinTrena på aktivitetar du vil klara sjølv Kven kan få ergoterapi?Innbyggjarar med nedsatt fysisk funksjonsevne og utfordringar knytta til meistring av daglege gjeremål, kan få ergoterapitenestar. Ergoterapi kan hjelpa både barn, vaksne og eldre. Ergoterapi er gratis. Sist endra 08.06.2025 07.30