Barnevernet

Barnevernet skal hjelpa barn og familiar som har det vanskeleg. Barnevernet samarbeider med foreldre, skule, helsestasjon og andre for å finna gode løysingar.

Kontakt barnevernet

Send bekymringsmelding

Bruk eDialog for å skriva til oss oss via ein sikker og effektiv kanal.

Ta kontakt dersom:

  • Du er bekymra for eit barn si omsorg eller tryggleik
  • Du treng hjelp i ein vanskeleg situasjon som forelder
  • Du sjølv er barn eller ungdom og treng nokon å snakka med

Du kan vera anonym.

Dette gjer barnevernet:

  • Gir råd og støtte til barn og familiar
  • Set i gang hjelpetiltak når det trengst
  • Samarbeider med andre tenester
  • Kan ta over omsorga i alvorlege tilfelle
  • Tilbyr ettervern til ungdom over 18 år som treng støtte vidare
  • 🏡 Vil du bli fosterheim eller besøksheim?

    Fosterheim

    Som fosterheim tek du imot eit barn som treng ein trygg og stabil heim over tid. Du får opplæring og støtte frå barnevernet.

    Besøksheim

    Ein besøksheim tek imot barn nokre helgar eller dagar i månaden. Det gir barnet eit avbrekk og familien ei pause.

    Les meir på Bufdir.no

Besøksadresse

Bjorhaugslettå 38 
4365 Nærbø

(Me held til i same bygg som Gann tre)

Postadresse:

Barnevernet i Hå
Rådhusgata 8
4360 Varhaug