4.1 Barn
Bjorhaug barnehage arbeider for at barna skal ha høve til å påverka sin eigen kvardag. Barna sin medverknad er ein sterk del av vårt pedagogiske verke og tenking. Medverknad stimulerer barns nyfiken heit , skapartrong og sjølvbilete.
Barnehagebarn er i høg grad kompetente til å skape kunnskap og meining i sitt liv. Det handlar om å verte anerkjend. Anerkjend som eit menneske. Eit menneske som skal få lov til å uttrykkja eigne opplevingar gjennom ord og kropp. Rammeplanen seier at «barn skal jamleg få høve til å delta aktivt i planlegginga og vurderinga.
Det betyr at personalet må vere merksame på barna sitt kroppslege og språklege uttrykk.
- Medverknad handlar om meir enn å velje å vera ute eller inne.
- Medverknad handlar om å oppleva anerkjenning for eigne tankar og meiningar.
- Medverknad er å oppleva at eigne tankar og meiningar vert høyrte.
- Medverknad er å oppleva at eigne tankar og meiningar nokon gonger får konsekvensar.
- Medverknad er å verta inkludert i fellesskapet.
4.2 Foreldresamarbeid
Tilsette skal skapa og ha eit godt samarbeid med foreldre.
Det er foreldre/føresette som kjenner barna sine best. Me i barnehagen ynskjer å vere eit positivt og godt supplement til heimen. For å få dette til legg me vekt på ein nær og god dialog/samarbeid med heimen. Saman med FAU har barnehagen utarbeidd eit forventningsdokument som gjeld for alle partar.
FAU: Foreldre-arbeidsutvalet består av 5 valte representantar frå foreldregruppa. Valet vert teke på fyrste foreldremøte i nytt barnehage år. Representantane vert sitjande i en periode på 2 år. FAU diskuterer innmelde saker som har med barnehagen å gjere, og tek dette eventuelt vidare til Styrar og SU. Medlemmene i FAU finn du kontaktinformasjon til på barnehagens heimeside.
SU: Samarbeidsutvalet består av 2 representantar frå barnehagens personell, 2 representantar frå FAU, Styrer og ein politikar frå Utvalet for opplæring og kultur. SU tek opp saker som er meldt vidare frå FAU og barnehagen, i tillegg til at dei mellom anna godkjenner årsplan og budsjett.