3 Fokusområde frå kvalitetsplan i barnehagen
Kvalitetsplan for barnehage er ein plan som skal gje retning for arbeidet som dreier seg om kvalitet og innhald i det pedagogiske arbeidet. Planen skal bidra til å synleggjere kommunen si målsetning om:
- Å gje barna ein god barndom
- At alle barn i barnehagen opplever læring og meistring kvar dag
Leik er satsingsområdet for alle barnehagar i Hå kommune dette året.
Leik har ein stor og sentral plass i Bjorhaug barnehage. Leiken er avgjerande betydning for barn si utvikling, læring og sosiale interaksjonar.
Leiken gjer barn høve til å utvikla sosiale ferdigheiter, språk, kreativitet og problemløysningsevner.
Barnehagen skal leggja til rette for ulike typar leik både inne og ute, samt skapa tid og rom der barna kan oppleva glede, humor, og engasjement gjennom leik. Personalet må væra tilgjengelege for barn ved å støtte, inspirera og oppmuntra barn i deira leik. Dette vil og danne grunnlag for å sikra at alle barna i Bjorhaug får gode erfaringar og ei oppleving av å meistre samspelet med andre barn i leik.