Faktura frå Hå kommune

Kommunale eigedomsavgifter

Dei årlege kommunale eigedomsavgiftene består av gebyr for feiing og branntilsyn, renovasjon, vatn og kloakk. Det er ikkje eigedomsskatt i Hå kommune.

Gebyra vert fakturert to gonger i året. Betalingsfristane er 1. april og 1. oktober.

Du betalar eit årleg gebyr for feiing og branntilsyn sjølv om du ikkje har besøk av feiaren kvart år.

Barnehage og SFO

Barnehage og SFO vert fakturert kvar månad utanom juli, med forfall den 20. kvar månad.

Kulturskulen

Kulturskulen vert fakturert kvart halvår.

Helse- og omsorgstenester

Helse- og omsorgstenester vert fakturert etterskotsvis kvar månad, med forfall den 20.

  • Betaling

    Du kan betala faktura frå Hå kommune med eFaktura og avtalegiro.

    eFaktura: 

    Vel «Ja takk til alle» i nettbanken for å få eFaktura automatisk frå Hå kommune og andre du har kundeforhold til.

    Avtalegiro: 

    Rekninga vert betalt automatisk på forfallsdato. Du opprettar avtalegiro i nettbanken eller ved å kontakta banken din. Hå kommune kan ikkje gjera dette for deg.

Innfordring og inkasso

Hå kommune brukar Intrum til innfordring og inkasso av kommunale krav.

Har du fått inkassovarsel eller betalingspåminning frå Hå kommune, skal du kontakta Intrum direkte.

Kontakt Intrum

Ta kontakt med kundesenteret på 23 21 10 00 eller logg inn her.