Er containeren full?
Dersom ein container er full eller blokkert, tek du med deg avfallet igjen og kontaktar Renovasjonen IKS.
Kontaktinfo til Renovasjonen IKS:
Tlf: 51 80 08 00
E-post: post@renovasjonen.no
Slik bruker du dei nedgravne containerane:
Hugs å halda det reint og ryddig rundt avfallsstasjonane. Sett aldri avfall ved sida av containerane.
Treng du ny nøkkelbrikke?
Dersom du er leiar for eit sameige og treng nye nøkkelbrikker, kan du ta kontakt med Servicetorget på telefon 51 79 30 00.
Er du bebuar og treng ny brikke, kontakt leiaren i sameiget ditt.
Etterbestilling kostar 50 kroner pr stk.
Treng du matavfallsposar?
Dersom du går tom, kan du henta ved Hå gjenvinningsstasjon på Nærbø eller i servicetorget på rådhuset, Varhaug. Skal du henta felles til heile sameiget, må du gjera det ved hovedlageret, Hå gjenvinningsstasjon.
Kommunen ønsker i størst mulig grad å bruka nedgravne avfallscontainerar som avfallssystem der forholda ligg til rette for det.
Du kan lesa meir om nedgravne containerar på nettsida underbakken.no.