Barna må ha fire veker ferie i løpet av barnehageåret. Tre av desse skal vere samanhengande om sommaren, i forbindelse med at barnehagen er stengt dei to siste vekene i juli. I 2023 er barnehagen stengd i veke 29 og 30. Den fjerde veka kan tas når de måtte ynskje. Den kan delast i enkeltdagar.
For at fri skal reknast som ferie, må me ha beskjed seinast to veke i forkant. Da går du inn i appen Min barnehage, klikk på «Fråvær» og registrer dagen(e) som ferie.
Me er avhengige av oversikt over når barna tek ferie for å kunne planlegge ferie og avspasering for personalet. Dette for å sikra at me alltid har nok personale i forhold til mengde barn på avdelingane.