Prisar for renovasjon

I Hå kommune får innbyggarane utdelt fire dunkar som standard: 

  • Dunk med grått lokk for restavfall på 140 liter
  • Dunk med brunt lokk for våtorganisk avfall på 140 liter
  • Dunk med grønt lokk for papir på 240 liter
  • Dunk med blått lokk på 140 liter. (Dette var tidlegare ein plastdunk, men kommunen jobbar nå med å få til ei ordning der denne dunken skal brukast til glas- og metallsortering.)

Kva kostar det?

Gebyret er delt opp i en fast og en variabel del. 

Fast gebyr

Det faste gebyret er likt for alle abonnentar, uavhengig av størrelse på dunken og kor mykje avfall me hentar.

Årsabonnement på renovasjon
Gebyr Pris
Årsabonnement på renovasjon 1040 kroner

Pris er eks. mva.

Variabelt gebyr

Den variable gebyrdelen aveheng av størrelsen på restavfallsdunken og tal på dunker.

Pris for renovasjon
Gebyr Pris
Standard størrelse på dunkane 1040 kroner per år
Utvida standardsett (Større restavfallsdunk på 240 liter) 1782 kroner per år
Stort sett (660 liter restavfall) 4900 kroner per år
Ekstra papirdunk 250 kroner per år
Bleiedunk 200 kroner. Ingen årlege avgifter. Du betaler berre for å kjøpa dunken.
Kompostbinge Ingen årlege gebyr, men 200 kroner for frakt. Viss du vil ha kompost i staden for abonnement på våtorganisk søppeldunk, får du eit fråtrekk på renovasjonsrekninga på 624 kroner i året.
Deling av avfallsdunkar Fleire abonnentar kan dela avfallsdunkar. Det er billigare enn å ha eigne dunkar. Alle betalar den faste avgifta, men det variable gebyret blir delt på dei som deler dunkane.
Endring av størrelse på dunkar Om du skal endra størrelse på avfallsdunkane, vil det kosta 200 kroner for henting av den gamle dunken. (NB! Denne må vera tom og reingjort) Å endra størrelse eller tal på dunkar påverkar renovasjonsgebyret.
Trillehjelp til å setta fram dunken Er det vanskeleg for deg å setja fram dunken? Ved å betala 672 kroner per år, trillar me dunken fram til vegen for deg. Denne prisen gjeld for alle fire dunkane inntil 25 meter. Om me må trilla dunken lenger enn 25 meter, kostar det 16 kroner for kvar påbyrja ti meter.
Nedgravde konteinarar Om du bur ein plass med nedgravde konteinarar, betalar du 1040 kroner i renovasjon kvart år.

Alle prisar er eks. mva.

Når betalar eg gebyr for renovasjon?

Du betalar gebyr for renovasjon saman med dei andre kommunale avgiftene. Kommunen sender ut faktura to gongar i året. Betalingsfristane er 1. april og 1. oktober.

Fullstendig prisliste finn du her.  (PDF, 696 kB)

Fann du det du leita etter?