Gjenvinningsstasjonen Pytten

Hå kommune har ein betjent gjenvinningsstasjon (Pytten) i Bøvegen 16, på Nærbø. I tillegg er det sjølvbetjente stasjonar for klede, glass- og metallemballasje fleire stadar i kommunen.

Pytten er eit tilbod til innbyggjarane i kommunen. Avfallet skal vera sortert før du kjem, og du betalar berre for restavfall. Det kostar 50 kroner per sekk med restavfall. Skal du kasta større ting som ikkje får plass i ein sekk, reknar me også prisane om til sekkar. Når det gjeld stolar og sofa reknar me ein sekk per sete. Du kan betala med både kontantar, kort og vipps.

Gjenvinningsstasjonen tek ikkje imot næringsavfall. Det finst det eigne private ordningar for.

Dette kan du levera i Pytten:

  • Glassemballasje
  • Metallemballasje
  • Plastemballasje
  • Papir og papp
  • Hageavfall
  • Isopor
  • Tekstilar
  • Farleg avfall
  • Impregnert trevirke
  • EE-avfall
  • Vindauge
  • Kvitevarer
  • Restavfall
  • Gipsavfall
  • Trevirke
  • Isolasjon som Glava/Rockwoll
  • Keramikk
  • Fliser

Vurder alltid om det du ønsker å kasta, kan leverast til gjenbruk.

Dette kan du IKKJE kasta i Pytten

Asbest

Klikk for stort bileteDu kan levera asbest til gjenvinningsstasjonane på Sele og Forus. All asbest må vera heilt innpakka i plast og godt teipa, slik at det ikkje kan koma væte til.  For private kundar er det gratis å levera asbest. Næringskundar kan ikkje levera asbest på gjenvinningsstasjonane, men må levera det direkte til DIM i Egersund, Svåheia Avfallsplas tlf. 51 46 25 00.

Ammunisjon, eksplosiv, fyrverkeri og liknande

Lever dette til politiet eller forhandlar.

Medisinrestar

Dette er risikoavfall, og skal leverast til apotek. Anna medisinsk restavfall kan leverast til apotek, sjukehus eller gjenvinningsstasjon etter avtale.

Daude kjæledyr

Lever til veterinær eller til Gjesdal dyrekrematorium.

Fritidsbåtar

Båtar under 15 fot, kan leverast kostnadsfritt på IVAR sine gjenvinningsstasjonar. Båtar under 3 tonn kan også leverast kosnadsfritt direkte til Ecofiber i Jåttåvågen. Her kan du også bestilla henting ved å ringa 480 23 602.

 

Bildekk

Vi tar ikke mot dekk til noen kjøretøy.

Fann du det du leita etter?